Det er med stor
glede vi kan fortelle at Hayseed endeleg skal få spele på Vesle Kinn!
Forrige forsøk blei effektivt stoppa av Covid. No er dei endå eldre, og
om muleg - endå visare(!). Det her blir classic Hayseed, kun originalt
materiale, med original besetning, og det blir servert eit herleg sett
beståande av kjende slagerar, pluss nokre raritetar dei ikkje har gjort
live på ei stund.
Hayseed
har gitt ut to album og ei rekke Ep'ar og singlar. Gruppa har også vore
på 8 turnear for Rikskonsertene, og har vore innom mange fylker i høve
dette. I 2007 / 2008 var Hayseed backingband for Eric Martin (vokalist i
Mr.Big) når han var innom Noreg på turné. Alle i bandet har vore
aktive som freelancemusikarar, og dei har vore brukt som musikarar på
TV-produksjonar, i forskjellige band (Aunt Mary, Terje Rypdal, Mari
Boine, Askil Holm, LidoLido, Street Legal, Funkaholic osv) og i
studiosamanheng. Hayseed, kort fortalt: rockeband med lang fartstid,
beståande av rutinerte musikarar, som er opptatt av å levere genuint
handverk live. Dette er rock som har røtter i blues og tildels funk. 70-
talls inspirert musikk.
Hayseed
har eksistert av og på siden 2001. Dei første åra var dei veldig
aktive, med mange festivaljobbar og faste konsertar på Smuget i Oslo. I
2004 var bandet to måneder i USA og gjorde 20 spelejobbar på Østkysten,
bl.a et par supportjobbar for Johnny Winter samt nokre klubbjobbar i New
York. Mest minneverdig var ein konsert på The Bitter End (legendarisk
rockeklubb i Greenwich Village) der bookingsjefen faktisk ville hyre
Hayseed inn som fast husband! Dei siste åra har vi spelt mest rundt på
Austlandet, men no gler dei seg enormt til eit besøk på Vesle Kinn.
Restriksjoner & Ansvarsfraskrivelse
Ståande konsert
Kjøpte billettar blir ikkje refundert
18 års aldersgrense
Delta i å fremme live-musikk i vår by ved å kjøpe billetter til varierte konserter fra ticket-co. Sammen kan vi bidra til å la byen blomstre kulturelt.