2004 Twistaroos 22 jan

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

24. januar 2004
The Twistaroos - Ingen over

Twistaroos-220104-FP

HAAVEBUA: Vibeke Saugestad er elska av rockeklubben og med god grunn. Fyrverkeriet frå festivalen i fjor sette spor og laurdag leverte ho på nytt. Sjølv om det berre var 150 tilstades fekk ho publikum til å verke eksklusive framfor fåtallige. (Foto: Dag Frøyen)

Med ein sceneenergi som olympiatoppen burde vurdert å støtte, kom det heftig rock frå Vibeke Saugestad og bandet The Twistarooes laurdag. Sjølv om kanskje fleire enn underteikna ville hatt ein reprise av bomba som gjekk av på festivalen i fjor, då Saugestad leverte det som har dei hardbarka rockarane i Rockeklubben har kalla den beste konsertopplevinga i Florø, vart The Twistarooes prosjektet noko annleis. Utan å samanlikne med Rai Rai rølp frå Namsos var dette suggerande rock'n roll som mana til deltaking. Den særprega stemma, den unike kontakten med publikum og showet gjorde at Saugestad hadde full kontroll.

Sjeldant har vi opplevd at alle i Bua har vore på dansegolvet og føre scena samtidig. Etter hovudsettet gira mossejenta opp fire gir. Ein utveksling som fekk rockenestor Per Vidar Ottesen til å gripe mikrofonen på scena og spontaninvitere alle på nachspiel med Vibeke i rockekjellaren.

Vibeke Saugestad viste at ho er aleine som rockedronning i Norge. Rock`n roll av beste merke og skulle vi kunne be rockeklubben om ein ny kjeledegge ala Raggle Taggle Gypsies? Vil vi gjerne ha Vibeke Saugestad.

Dag Frøyen
57757316
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Twistaroos-220104-FP
GAV ALT: Vibeke Saugestad viste sitt scenetekke under konserten laurdag. (Foto: Dag Frøyen)