2002 Vamp

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

31. oktober, 2002
Var og vill Vamp

HAAVEBUA: 300 med billett fekk oppleve alt frå den sarte melankoli til det mest drivande og mektige då Vamp var i Florø torsdag.
Det er eit fantastisk publikum i Florø, og vi nyt det, seier dei sjølve.

311002_Vamp
GJESTEVOKAL: Rockeklubben hadde fått Kristin Schau til å synge duett med vokalist Vidar Johnsen på Hit-balladen "Tir n'a Noir". (Foto: Dag Frøyen)

-  Og det har dei god grunn til. For den åttande og siste plata deira, "Månemannen", har selt til gull og fått terningkast seks i Akersgata. No er Vamp på sigersferd gjennom Norge. Vi trefte bandet etter at dei for fjerde gong gjekk av scena i Florø, og gjengen frå Coast Air-byen var i strålande humør. Dei hadde tydeleg merka at dei begeistra Haavebua. Det er eit fantastisk publikum her i Florø, var den første kommentaren vi fekk etter konserten.


Vamp-sound
Vamp har spelt saman i 10 år og fekk identiteten spikra i norsk musikk allereie frå det andre albumet. Derifrå og vidare har dei utvikla seg fram og tilbake på genrekartet utan at eigenarten har gått til spille. Det særeigne Vamp-uttrykket er det som gjer at dei kan skifte vokalist på plate nummer åtte og likevel hauste genirerklæringar for at dei nok ein gong innfrir.

Sjølv om den gamle vokalisten Jan Ingvar Toft var eminent i front, klarer Vidar Johnsen å gi vokalen eit meir vidt utrykk i dei store kontrastane vi opplever i Vamp sitt lydbilde.
Johnsen har kjent gjengen i Vamp over mange år og hadde få vanskar med å passe inn, sjølv om gamlekarane i bandet hevda han song Whitney Houston-låtar då dei plukka han opp.

Vi hadde første konserten i Danmark, noko som var bra. For det var mange løgne tekstar der nede, humrar Johnsen. Han fekk også Florø-vokalist Kristin Schau med seg på suksessballaden "Tir n'a Noir" frå det første albumet "God morgen Søster". Den lokale vamp'en Skau hausta også jubel.

Bord og stolar
For at bandet skulle få betre kontakt med publikum frå start av, hadde dei bedt arrangøren om at det vart sett bord og stolar ut på dansegolvet. Det var det delte meiningar om dette var noko godt sjakktrekk. For etter kvart som bandet hadde sveiva publikum til dei store høgder, vart bordsete kloss i scena noko merkeleg. Dette var bandet det første til å vedgå.

Det er dels vår eigen feil at det blir slik då vi spelar på stor spennvidde. Vi gjer det heilt rolege til låtar som speler på det vare og dynamiske, der vi ønskjer publikum skal lytte; til det drivande som engasjerer, seier fiolinist og frontfigur Øyvind Staveland.

Vamp høyrer heime i festivalhelga, då slektskapen til irsk musikktradisjon er der. Dei vakre tekstane og prestasjonane på alle instrument, vokal og i sum, samt kontakten dei hadde med publikum, gjorde denne torsdagskvelden minneverdig.

Dag Frøyen
57 75 73 16
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.


BLÅ: Frontfigur Øyvind Staveland viste at Vamp meistrar kunsten med å spele på det vare, melankolske og blå...... ". (Foto: Dag Frøyen)

311002_Vamp
DRIV:....Til det drivande mektige og engasjerande.
(Foto: Dag Frøyen