2016 TWANG

Florø MC klubb - 40 år med Twang

 TWANG

Florø: Sammen med Florø MC klubb vil vi invitere på dans/konsert med Twang på Haavebua

Twang er eit blues/rock band med base i Årdal. som består av:
Øyvind Aga (trommer), Kenneth Sandnes (Appen) (bass og vokal) og Ketil Thorbjørnsen (gitar og vokal)

Bandet vart starta i 2011. Alle medlemmane hadde fram til då spelt saman i ulike konstellasjonar, men samansetjinga i Twang var ny. Den lange fartstida som musikarar på høgt nivå, gjer bandet til ein klar vinnar. Med si frie tolking av Hendrix, Albert King, Delbert McClinton, Albert Collins m.m. har bandet satt fyr på publikum med prestasjonar, humor, musikalsk leik og eit unikt samspel. Publikum er den desidert viktigaste drivkrafta for Twang, og samspelet mellom band og tilhøyrar er ekstremt viktig for gruppa.

Twang gjer seg ikkje før alle er nøgde!!

Bandet er allsidig og medlemane har spelt jazz, blues rock, folkemusikk, viser og pop med kjende namn som Karl Seglem, Sigrid Moldestad, Ronni Le Tekrø, Olav Stedje, Håkon Høgemo, Odd og Frid, Tone Damli m.m.) men kan seiast å være trygt forankra i bluesverda. Funky rocka og ekstremt blusa er nøkkelord for å omtale gjengen frå Sogn, som stort sett har vore fullbooka sidan starten. Bandet er rekna som eit av dei beste livebanda Sogn har og by på. Ord som musikalsk leikestove er blitt brukt for å sette ord på ein kveld med Twang. Twang gler seg til å rocke dere på Haavebua 3 juni. –

Dette er den rene konsert delen av Florø MC klubb sitt 40 års jubileum og er åpen for alle.  

Vennligst del denne invitasjon med personer dere tror ønsker å bli med på festen.