2007 Vibeke Saugestad

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Powerpopsjokk

FLORØ: Eit heftig powerpopsjokk trefte 150 betalande i Haavebua laurdag. Og rockedronninga Vibeke Saugestad skuffa ikkje på heimebane.

07-FP-Saugestad

INTENS: Eg merker eg skulle gått meir på treningssenteret, men det blir for kjedeleg, sa Vibeke Saugestad som gav alt frå scena laurdag.

Firdaposten, tirsdag 13. november 2007 av: Dag Frøyen, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Ho fortalde i forkant av konserten at av alle spelestader var Haavebua i Florø favoritten, og ho tok styring i eige hus.
Hei-hei, dere veit åssen dette fungerer, dere har rocka før! kom det frå Vibeke Saugestad då golvet var tomt i opninga. Ho henta folk frå krokane til scenekanten, og der skulle dei bli.

Konserten opna med den fantastiske «Meant to be with you» frå det siste albumet og fengsla alle som  ikkje var sikre på kva dei gjekk til.
For dette var eit prakteksempel på at musikkopplevingar ute har langt fleire fasettar enn det eit opptak vil kunne gi deg. Saugestad gav alt i den
rå «jolly-rocken» frå dei tre albuma sine, og både stemninga og rockedronninga sjølv hang opp under bjelkane i taket. Med eit scenetekke få kan kopiere, og med den mest rå altstemma i landet, gav ho oss ei stor og intens konsertoppleving.
Einaste aberet var at settet var i kortaste laget. Joan Jett- slageren «I love rock n roll» var ekstranummeret  som avslutta fyrverkeriet før ho
annonserte at festen skulle halde fram i Kinnkjellaren. Og kva som der skjedde, seier soga ingenting om
Rockeklubben skal uansett ha ros for at dei tenker langsiktig  og er på lag med artistane.
Vibeke Saugestad vart booka på bakgrunn av det ho leverte sist, og etter denne kvelden blir det ikkje siste gong ho er på heimebane i Florø.

www.myspace.com/vibekesaugestadmusic
Og om du lurar på kva Vibeke tykkjer om Florø sjekk ut dette lydklippet frå Reiseradioen: