2002 Stavangerensamblet

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

"Froddi" i storform
Stavangerensamblet 5. oktober  2002

På Haavebua laurdag var det for mange eit etterlengta gjensyn med Frode Rønli og Stavangerensemblet. Bandet gav ein dampande heit rockekonsert, komplett levert med eit forrykande sceneshow

051002_Stavangerensambletd-FP

FORRYKANDE SCENESHOW: Frode "Froddi" Rønli gav alt på laurdag. (Foto: Dag Knapstad)

180 betalande gjorde at Flora Rockeklubb nesten gjekk i null med arrangementet i helga.

Det var ein konsert med eit sjeldant bra trøkk, og stemninga var høg gjennom heile kvelden.
"Froddi" i kjent stil

Vokalisten song gamle, kjende hit'ar så taket løfta seg, mens han hoppa og spratt inn mellom publikummarane. Han svinga seg rundt på dansegolvet så sveitten skvatt over ihuga fans.
Han e heilt fabelaktig! Det er ikkje mange vokalistar som opptrer blant publikum på denne måten! meinte ein oppeldna entusiast. Gitarist Anders Bru leverte òg varene, han flerra til med imponerande gitarsoloar og riff så det vibrerte i vegger og tak.
"Vi vil ha meir"

Sjølve konserten starta rett før halv 12. Då bandet prøvde å gå av scena ein time seinare, var det til trampeklapp, jubelrop og "Vi vil ha meir!". Applausen ville ingen ende ta, og etter fleire minuttar med hard trampeklapp måtte arrangørane springe etter bandet for å hente dei inn att.

Det er 20 år sidan sist ensemblet spelte opp til dans i Florø, og trofaste fans på Haavebua var ikkje i tvil:  
Dei er minst like bra som før!
Konklusjonen er: Rock'n roll på stavangersk er ei ugløymande oppleving!

Linda Regina Bruvik,  Firdaposten
57 75 73 06
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

051002_Stavangerensambletd-FP

(Foto: Dag Knapstad)