2014 Feb 14 - Laila B Band

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Laila BandHaavebua Fredag 14 Februar. Laila B Band.

Laila B Band – "I kjole av stål"
Leikne låtar og vakre melodiar frå Bremanger

På sjarmerande Bremanger dialekt leverar Laila B Band eit leikent debutalbum med både fengjande låtar og vakre melodiar. Med albumet "I kjole av stål" har bandet lukkast i å skape ein heilt unik sound med røtene godt planta i jazz og med klare referansar til rock, pop og soul.
Med eit ope og innbydande lydbilde, og med eit ekte, nært og ærleg uttrykk er dette eit album som straks treff lyttaren. Musikken består av fleire lag og kontrastar som stadig overraskar og blir hengande igjen i tankane. "I kjole av stål" er ei musikalsk reise i eit emosjonelt landskap.

Med seg på albumet har Laila B eit stjernelag av musikarar, kjend frå blant anna Stage Dolls, Aftenlandet og Åge Aleksandersen.

"I kjole av stål" sleppast 23. januar og feirast med ein Noregsturné.

Det er gratis inngang på denne konserten