2015 August 22 - KIM LARSEN & KJUKKEN

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

kim

KIM LARSEN & KJUKKEN med konsert i Florø, kanskje den største skandinaviske rockelegenda gjennom tidene, held konsert i Florø (og Sogn og Fjordane) for første gong!

Fredag 21 august er datoen musikkelskarar berre MÅ sette av til konsertopplevinga.

Kim Larsen er "Norges mest populære danske", og vi ventar storinnrykk av folk frå kyst, dal og fjord til kystbyens gater. At det i tillegg er smaksfestivalen Godt i Gapet laurdagen, gjer både konserten og Florø ekstra attraktiv denne augusthelga.

Både som frontfigur i bandet Gasolin og som soloartist, har Kim Larsen i over 40 år vore ein populær og høgprofilert artist. I sitt søttiande år er rockeveteranen still going strong. Med sitt glimrande band, Kim Larsen & Kjukken, turnererer han framleis – alltid med fulle hus og glimrande kritikkar.
Det er Florø Rockeklubb og HippHipp Flora som i samarbeid hentar rockelegenda til Florø. Konsertstad er midt i sjølve hjartet av Florø; Trovikkaia, Trovikbakken og Rådhusplassen! Intimt, sjarmerande, salt sjø - og ein breiflabb av ein danske!

Ah! Det er duka for ei unik og magisk konsertoppleving.

Billetter er lagt ut for salg på

Kem e Kim?
Kim Melius Flyvholm Larsen bur i Odense på Fyn, men er opprinneleg københavnar. Han blei fødd i 1945 som den yngste av to brør, og som 12-åring byrja han å spele piano, etter mora sitt ønske. To år seinare skjedde det som skulle endre livet hans. Han fekk sin første gitar og oppdaga samtidig artistar som Elvis Presley, Little Richard og Chuck Berry.
Det var som lærarstudent på Amager i 1968 at han kom i kontakt med likesinna, og bandet Gasolin' blei grunnlagt. Den melodiøse rocken trefte danskane som eit knyttneveslag med debutplata i 1971, og bandet heldt det gåande fram til 1978.
Mange reknar framleis Gasolin' som det største Kim Larsen har gjort som artist. Låtar som «This Is My Life» og «Hva Gør Vi Nu, Lille Du» lever framleis, og Gasolin' reknast som det mest innflytelsesrike bandet frå Danmark nokonsinne.

Det er likevel som soloartist Larsen har nådd ut til dei verkeleg store massane. Medan Gasolin' rakk å gje ut ti plater, inkludert liveplater og engelskutgåver mynta på utlandet, har Kim Larsen i lag med Bellamy og med bandet Kjukken gjeve ut over 30 plater. Solokarriera skaut verkeleg fart med plata «Midt Om Natten» i 1983, som gjorde han til allemannseige også i Norge. Plata lågg heile 36 veker samanhengande på VG-lista. I snitt blir faktisk Kim Larsen spelt på ein av NRK sine radiokanalar kvar einaste dag, året gjennom.

Kim Larsen har også prøvd seg som filmskodespelar, manusforfattar og musikal-komponist. I den danske samfunnsdebatten har han også bite frå seg, som ein varm forkjempar av individets rett til å leve livet sitt slik ein ønskjer, med minst mogleg innblanding frå styremaktene si side.