2007 Lukas Kasha

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Lukas Kasha
Torsdag, 14. juni 2006

07-Kommer-LukasKasha

Hovudattraksjonen same kveld blir likevel Oslo-bandet Lukas Kasha.
Bandet har svirra i rockens undergrunn lenge, og har blitt spådd ei lys
framtid.
29. januar platedebuterte dei med eit solid rockealbum tufta på ein miks av
tradisjonsrik og moderne indierock, kombinert med the new wave of the new
wave. Plata "Animated People`s Republic" har fått svært gode kritikkar og er
spekka med solide låtar. Den glitrande singelen "Love Abuse" er langt i frå
noko einsamt høgdepunkt. Av andre låtar som festar seg umiddelbart, kan vi
nemne den tøffe "Escape", den ultra-dansbare "People Roam The Streets" og
den meir klassiske rockeren "Highway Train".
Bandet har rykte på seg for å vere eit energisk og overbevisande live-band!
Bandet består av: Andreas Prestmo - vokal/gitar, Kristian Pålshaugen -
gitar, Jon Karlsen - bass, Eyvind Brox - synth/vocal, Eivind Henjum -
synthbass og Sven Andréen - trommer/vokal.


Sjå også www.lukaskasha.com