2007 My Midnight Creeps

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

My Midnight Creeps
Torsdag, 14. juni 2006

07-Kommer-MidnightCreeps

Siste band ut blir omtala som eit av årets beste festivalband i 2007 på
landsbasis! My Midnight Creeps oppsto for to år sidan, då to av Noregs mest
profilerte rockegitaristar, Robert Burås og Alex Kloster-Jensen hadde
utgjevingsfritt år frå sine respektive band, Madrugada og Ricochets.
Bandet debuterte med eit sjølvtitulert album i 2005, og blei belønna med
Spellemann-nominasjon og gode kritikkar. Nykommaren «Histamin» som kom ut i
mars i år, har vidare løfta bandet til nye høgder!
Musikken blir skildra som rå, mektig og tett; sint garasjerock blanda med
undergangsprega Missisippi-blues. Tekstane er prega av svartsyn og håplaus
kjærleik, og låta "Don't Let 'Em Bring You Down" har blitt ein favoritt hos
mange. 2007 ser ut til å bli supergruppa sitt år, og ingen norske band kjem
nærare betegnelsen enn My Midnight Creeps. I tillegg til Cagehill (Burås) og
Alex Kloster-Jensen, består gruppa av saxfantomet Dag Stiberg fra kritikerroste Quarter Past, den bejubla fotografen Behzad Farazollahi som manisk trommeslager, percussion og trommemannen Anders Møller som leverte
sjølve lurvelevenet i Kåre & the Cavemen, og Raymond Jensen som leverer alle
bassgangars mor.  Dette blir eit høgdepunkt!

Sjå også www.mymidnightcreeps.com