Rockeklubben ble oppretta i november 1993. Det første arrangementet var på lokale i "gamle Vinjammer" og det andre på Haavebua. Den første formannen var Leif Skudal som starta klubben sammen med Per Vidar Ottesen. Geir Høyvik og Tor Albrigtsen kom med etter ei stund. Klubben leide lokaler på Haavebua av Ole Stenbakk.

 

Billetter i Florø: Tenestetorget, Narvesen, Quality Hotell - 18 års aldersgrense er mest vanlig.
www.florasamfunnshus.no - www.billettservice.no
Musikk er best live! Medlemskap i Florø Rockeklubb koster 150 kroner. På hver konsert sparer du som medlem 30 kr. Under menyfanen "Kontakt Oss" fyller du inn dine kontaktinfo, så mottar du en faktura og medlemskort i posten 😀

2015 aug.21 - Kim Larsen til Florø

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

 

 21. august spelar Kim Larsen i Florø. Men kvar i byen han entrar scena denne kvelden, er Per Øyvind Helle og Per Vidar Ottesen framleis ikkje heilt sikre på.

Firdaposten: 23.01.2015 Sven Arne Vee

Kommentarar
Det har vore omsnakka lenge. Å få den danske legenda Kim Larsen til Florø har vore på fleire lokale konsertarrangørar si ønskeliste i årevis. No er det endeleg eit faktum, og sommarens store hending kjem som følge av at to arrangørar slår klutane saman, nemleg Per Øyvind Helles Hipphipp Flora og Florø Rockeklubb.
– Dette er utruleg moro. Vi snakkar om ein artist som på mange måtar er Skandinavias svar på «The Boss». Kontrakten er i boks, datoen sett og no gjenstår eitt viktig element: Å finne ut av kvar vi skal halde konserten, seier Per Øyvind Helle.

Alternativa finst, men alle har sine plussar og minusar. Florø Idrettssenter ligg der og har vist seg dugande både på Kaizers-konsertar og som MGP-arena. Men det kostar og det er mykje arbeid. Samtidig som ein blir mindre veravhengig, blir det ikkje same fine stemninga som eit flott augustkveld ute kan gje. Då er kanskje Torget eit betre alternativ.
– Vi har også vurdert ein scenerigg på Trovikkaia, og bruke Trovikbakken som eit Amfi. Her er det plass til meir publikum enn kva ein kanskje skulle tru ved første augekast, kanskje opp mot 2000. Dette er nok førstevalet vårt akkurat no, seier Per Vidar Ottesen, som likevel ber folk kome med gode innspel til konsertlokalitet. Dei ønskjer også at frivillige lag og organisasjonar som trur dei kan bidra til å gjennomføre den store musikkfesten, om å ta kontakt:
– Vi treng hjelp. Her er mykje arbeid som ventar, med alt frå sjauing, førebuing, vakthald og nedrigging. Dette er ein fin sjanse for lokale lag til å tene seg nokre kroner, oppmodar dei to arrangørane.

Andre moglege lokalitetar for konserten er Amfiplassen, der det har vore halde store konsertar før, både på utescene (Åge Aleksandersen) og i telt (DumDum Boys).
Dei to set seg uansett høge mål når det gjeld respons frå publikum:
– Vi bør klare å selje minst to tusen billettar. Det er eit minimum av kva vi må ha inn for at dette skal gå rundt, konstaterer Per Øyvind Helle, som uansett har god tru på at dei skal lokke atskilleg fleire ut av godstova denne augustkvelden.
– Hugs på at det er aller første gongen Kim Larsen spelar i fylket vårt. Sist han var på våre trakter var konserten i Bergen for to år sidan, som enda med å bli utseld på kort tid, med over 7000 selde billettar. No har folk sjansen til å sjå han i Sogn og Fjordane, og det er ikkje sikkert det kjem til å by seg så mange slike sjansar seinare, konstaterer Helle.
Men sjølv om hovudpersonen fyller 70 år til hausten, er det ingenting som tyder på at den danske superstjerna har tenkt å senke tempoet. Kim Larsen skal turnere heimlandet i vår og i sommar og han er også booka inn til fleire konsertar i Norge, mellom anna på Hamar i juni.

Som på siste turné er det bandet Kjukken han spelar i lag med, som han grunnla i 1996 og sidan den gong har gjeve ut 11 plater i lag med.

For den som har tenkt seg på konsert i august, kan det uansett vere greit å vere ute i tide med billettkjøpet. Salet av Kim Larsen-billettar starta faktisk opp allereie i går, og billettane er no tilgjengelege på Billettservice, der det i første omgang er lagt ut 1500 billettar.

– Florø Rockeklubb har lang tradisjon for å skape trivelege råmer rundt konsertar for artistane. Har de nokre ekstra planar for Kim Larsen?
– Vi kjem sjølvsagt til å invitere han til Florø dagen før konserten. Har han tid, skal han få seg ein flott båttur i skjergarden vår, og kjenner eg han rett, er han sikkert interessert i å få ei omvisning på Kinn Bryggeri, seier Per Vidar Ottesen.

Kem e Kim?
Kim Melius Flyvholm Larsen bur i Odense på Fyn, men er opprinneleg københavnar. Han blei fødd i 1945 som den yngste av to brør, og som 12-åring byrja han å spele piano, etter mora sitt ønske. To år seinare skjedde det som skulle endre livet hans. Han fekk sin første gitar og oppdaga samtidig artistar som Elvis Presley, Little Richard og Chuck Berry.
Det var som lærarstudent på Amager i 1968 at han kom i kontakt med likesinna, og bandet Gasolin' blei grunnlagt. Den melodiøse rocken trefte danskane som eit knyttneveslag med debutplata i 1971, og bandet heldt det gåande fram til 1978.
Mange reknar framleis Gasolin' som det største Kim Larsen har gjort som artist. Låtar som «This Is My Life» og «Hva Gør Vi Nu, Lille Du» lever framleis, og Gasolin' reknast som det mest innflytelsesrike bandet frå Danmark nokosinne.

Det er likevel som soloartist Larsen har nådd ut til dei verkeleg store massane. Medan Gasolin' rakk å gje ut ti plater, inkludert liveplater og engelskutgåver mynta på utlandet, har Kim Larsen i lag med Bellamy og med bandet Kjukken gjeve ut over 30 plater. Solokarriera skaut verkeleg fart med plata «Midt Om Natten» i 1983, som gjorde han til allemannseige også i Norge. Plata lågg heile 36 veker samanhengande på VG-lista. I snitt blir faktisk Kim Larsen spelt på ein av NRK sine radiokanalar kvar einaste dag, året gjennom.

Kim Larsen har også prøvd seg som filmskodespelar, manusforfattar og musikal-komponist. I den danske samfunnsdebatten har han også bite frå seg, som ein varm forkjempar av individets rett til å leve livet sitt slik ein ønskjer, med minst mogleg innblanding frå styremaktene si side.

24 - 25 Nov

Norwegian Rock’n Roll Train : Return og Stage Dolls på Haavebua Nov 24, 2017 - KL: 21:30 - Nov 25, 2017 - KL: 01:30 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

24 - 25 Nov

Norwegian Rock’n Roll Train : Return og Stage Dolls på Haavebua Nov 24, 2017 - KL: 21:30 - Nov 25, 2017 - KL: 01:30 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

29 - 30 Dec

Pegasus Haavebua 29. Desember Dec 29, 2017 - KL: 21:30 - Dec 30, 2017 - KL: 02:00 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

Tidligere Eventer

17 - 18 Jun

Sol Heilo m/band på Haavebua Jun 17, 2017 - KL: 21:30 - Jun 18, 2017 - KL: 02:00 Haavebua, Quality Hotel Florø

16 - 17 Jun

Na Fianna og Sol Heilo (Acoustic) på Haavebua Jun 16, 2017 - KL: 21:30 - Jun 17, 2017 - KL: 02:00 Haavebua, Quality Hotel, Florø

29 - 30 Dec

Florø: Romjuls Rockebonanza 2016 Dec 29, 2016 - KL: 22:30 - Dec 30, 2016 - KL: 01:30 Bar og Restaurant Kysten, Florø, Norway

05 - 06 Nov

FloraBlest: Line Dybedal, Martine Håland, SILO + 2 talent! Nov 05, 2016 - KL: 20:30 - Nov 06, 2016 - KL: 02:00 Haavebua, Quality Hotel, Florø, Norway

27 - 28 Aug

Tupelo på Blomsterhagen 27. August Aug 27, 2016 - KL: 22:00 - Aug 28, 2016 - KL: 01:00

18 - 18 Jun

Himmel og Hav Musikkfest Jun 18, 2016 - KL: 06:00 - Jun 18, 2016 - KL: 11:00 Haavebua, Quality Hotel, Florø, Norway

05 Mar

HAYSEED på Haavebua! lørdag 5. mars! Mar 05, 2016 - KL: 21:30 Haavebua, Quality Hotel, Florø, Norway

20 Feb

Tina Refsnes m/band Feb 20, 2016 - KL: 21:00 Bar og Restaurant Kysten, Florø, Norway

26 Dec

PUNCH Dec 26, 2015 - KL: 21:30 Haavebua, Quality Hotel, Florø

27 Dec

Pegasus 3. Juledag Dec 27, 2014 - KL: 21:30 Haavebua, Florø, Norway

23 Aug

Tupelo på Blomsterhagen Aug 23, 2014 - KL: 22:00

14 Mar

Oslo Ess@Haavebua Mar 14, 2014 - KL: 21:30 6900 Florø

14 - 15 Feb

Laila B Band – ”I kjole av stål” - " releasekonsert" Feb 14, 2014 - KL: 21:00 - Feb 15, 2014 - KL: 02:00 Haavebua, Florø

28 - 29 Dec

Pegasus: Dec 28, 2013 - KL: 22:00 - Dec 29, 2013 - KL: 02:00 6900 Florø

26 Oct

El Cuero og Punch Oct 26, 2013 - KL: 21:00 Haavebua

23 Aug

The Raggle Taggle Gypsies Aug 23, 2013 - KL: 22:00 Blomsterhagen, Florø, Norway

22 Jun

Himmel & Hav 2013 - Florø Rockeklubb 20 år Jun 22, 2013 - KL: 09:00 6900 Florø

09 - 10 Feb

Ary Morais Konsert på Haavebua- Feb 09, 2013 - KL: 21:00 - Feb 10, 2013 - KL: 00:00

28 - 29 Dec

Pegasus: Fredag 28 des, (4. juledag) Dec 28, 2012 - KL: 22:00 - Dec 29, 2012 - KL: 02:00 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

28 - 29 Dec

Pegasus Dec 28, 2012 - KL: 21:30 - Dec 29, 2012 - KL: 00:30 6900 Florø

08 - 08 Nov

Tradish - Irsk musikk uten grenser Nov 08, 2012 - KL: 20:00 - Nov 08, 2012 - KL: 23:00 6900 Florø

13 - 14 Oct

2012 Askil Holm & Elektrisk Band Oct 13, 2012 - KL: 22:00 - Oct 14, 2012 - KL: 01:00 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

16 - 17 Jun

Himmel og Hav Musikkfest, Lørdag, The Young Folk og Death By Unga Bunga. Jun 16, 2012 - KL: 21:00 - Jun 17, 2012 - KL: 02:00 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

15 - 16 Jun

Himmel og Hav Musikkfest, Fredag Jun 15, 2012 - KL: 21:00 - Jun 16, 2012 - KL: 02:00 Quality Hotel Florø, Florø, Norway

29 - 29 Apr

Himora Apr 29, 2012 - KL: 06:00 - Apr 29, 2012 - KL: 11:00

11 - 11 Feb

Elin Furubotn & Karl Seglem, Feb 11, 2012 - KL: 05:00 - Feb 11, 2012 - KL: 08:30

27 - 27 Dec

Pegasus Dec 27, 2011 - KL: 07:00 - Dec 27, 2011 - KL: 11:00

13 - 13 Nov

Rolling Stones NIGHT Nov 13, 2011 - KL: 07:00 - Nov 13, 2011 - KL: 10:00