2010 CatchyClub

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

CatchyClub
Haavebua
Fredag 18. juni, 2010

10-Kommer-CatchyClub

Gruppe frå Florø i begynnelsen av syttitalet. Av mange rekna som eit prog-band, pga innslag av Uriah Heep, Deep Purple og Emerson, Lake and Palmer på repetoaret. Komponerte litt sjølv, men rakk ikkje å satse noko på dette før gruppa vart oppløyst våren 1974.

Starta opp første gong så tidleg som i 1969 av Terje Nybø (gitar), Leif Skudal (trommer) ,Jan Arve Jensen (sang og gitar) og Bjørn Eide (bass). Terje frå Værlandet, Leif, Jan Arve  og Bjørn frå Florø. Etter 1 år (1968) begynte Terje på musikklinja på lærarskulen i Bergen, og CC vart oppløyst. I 1970 vart gruppa starta opp att, men då med Per Vidar Nybø (bror til Terje) på gitar, og Erling Sunnarvik på bass.

Sommaren 1971 var Terje ferdig på lærarskulen og vart med på orgel. Då var også Arve Skudal (bror til Leif) med på gitar. Forvirra? For sikkerheits skuld: Besetning sommaren 1971: Terje, Jan Arve, Leif, Per Vidar, Erling og Arve. Catchy Club var ei gruppe som øvde mykje og søkte stadige utfordringar, og fekk etter kvart mykje speleoppdrag. 5. mai 1972 vant CC ein popkonkurranse i Molde og vart kåra til Nordvestlandets beste gruppe. Per Vidar fortel vidare: Det var stort, og ga oss den driven vi trengde for å realisere nokre planar som vi hadde leika oss litt med; nemleg å "gå proff".

Det vart intervju og opptak med Bergen Lokal, som NRK Bergen heitte den gongen. I juli gjorde vi opptak på Værlandet med ein Tandberg spolebandopptakar og 2 TB opptaksmikrofonar. Ikkje rom for miksing og fiksing akkurat;vi måtte spele alt rett inn. Det vesle som fins av opptak o.l. er frå denne perioden (bortsett frå opptak av 2 låtar gjort under ei samling i 2001). I 1973 gjorde vi oss klar til å satse proff. Erling hadde ikkje anledning til dette. og slutta i CC. Bjørn Erik ("Beken") Kråkenes frå Måløy tok då hans plass. Hausten 1973 spelte vi mykje i  Haugesund og i Nord-Rogaland, og vart svært populære. Det var stappfulle hus overalt, oså midt i veka.

Men i den tida var det dessverre ein del useriøse aktørar  (impressarioar) på marknaden, og i ettertid kan ein vel seie at vi burde ha vore litt kritiske når det gjaldt å stole på folk. Vi vart lovt turne og spelejobbar i Danmark, men det vart ikkje noko av. Det var som å få eit slag under beltestaden. Vi hadde sagt i frå oss spelejobbar i fleng her heime, og dermed sto vi på bar bakke, utan jobbar og utan eit støtteapparat rundt oss. Dessutan spøkte også innkalling til militære for Per Vidar og Bjørn Erik. Så våren 1974 var det slutt.

Vi ser fram til å spele i Florø i samband med byjubileum og sildebordshelg! Og ikkje minst øvinga på forhånd! Fredag 18. juni rundt midnatt brakar det laust på Haavebua!