2009 Hovedøen Sosial Club

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

 

 

Hovedøen Social Club

Haavebua
Fredag, 19. junii 2009

Eit musikalsk norsk-kubansk fenomen av dei sjeldne er klare for Kystfestivalen.e Vee
09-Kommer-Hovedoen

Hovedøen Social Club blir eit annleis og eksotisk innslag på årets kystfestival. Kjennemerket til cubanarane har blitt å salsfisere gamle norske slagerar.  

Det er langt frå Cuba til Norge. Faktisk så langt at ingen til no har våga å lage reinspikka karibisk salsa med norske tekstar. Men det var før Hovedøen Social Club dukka opp. Bandet blir no spelt hyppig i norsk radio, og på konsertfronten er dei svært etterspurd vare blant norske festivalarrangørar.

Vi hadde flaks som greidde å kapre dei, og dette kjem til å bli ein kjempekveld, seier rockelubbleiar Per Vidar Ottesen.

Hovedøen spelar ikkje berre kubansk musikk med norske tekstar. Dei tek også tak i norske pop-klassikarar og «salsafiserer» låtane til det nesten ugjenkjennelege.

I tillegg til å varme opp publikum før Vallkyrien Allstars går på scena fredag, skal dei «norske» kubanarane også setje salsapreg på byen under kystfestivalen.

Dei har sagt ja til å spele under sildebordet, samt å halde ein ettermiddagskonsert på Hagen laurdag.

Firdaposten  04.04.09: Svend Arne Vee