2007 Hopalong Knut

Del denne artikkelen

Submit to Facebook
  • Hopalong Knut
    Lørdag, 15. juni 2006

07-Kommer-Hopalong-Knut

Ska-rock bandet Hopalong Knut blir av mange omtalt som eit av landets beste
live-band! Trønderane har dei siste åra turnert land og strand og er
spesielt populære i studentkretsar. Dei har gjeve ut to plater;
'Feilkalibrert tidsmaskin'(2005) og 'Evolusjonens trøst'(2006). Dei syng på
dialekt, og tekstane er artige og filosofiske.
Bandet består av ni personar; Ein vokalist, ein gitarist, ein bassist, ein
keyboardist, ein trommis og fire blåsarar.
Alle som har sett Hopalong Knut tidligare, kan skrive under på at dette er
et band som ikkje sparar på krutet på scena. Det er lett og naturlig å bruke
vokalist Kristin Jensen som sjølve kroneksemplet, dyktig, energisk,
utadvendt og smilande. Ho har ein karismatisk scenepersonligheit som kan
lyse opp eit rom aleine. Men så er ho så absolutt ikkje aleine. Ho har åtte
andre likesinna med seg, som boblar av entusiasme og rein speleglede.

Sjå også www.hopalongknut.no