2004 Daddy Fp

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Daddy-FP Daddy

Sexy funk og rocka bluestonar frå Husabø
FLORØ: Eirik Husabø har starta nytt band. Til det har han samla musikarar frå heile fylket, og trommer, gitarar, keyboard, trompet og tromboner skal gje liv til Husabø sin eigenkomponerte musikk. Sexy funk, kallar han stilen.
Musikkvideo oppdatert 2015: Youtube - full konsert!  https://www.youtube.com/watch?v=F9Eq7ZZBMxM

Daddy-FP
"Kvar torsdag samlar dei seg for å spele saman i Kanalen lydstudio. Øystein Andrew Steinsvåg på frå Naustdal på keyboard, Eilif Vaardal frå Florø på gitar, Ole Martin Frimannslund frå Davik på trommer, Magne Johan Eide frå Florø på gitar, Roald Apaldseth frå Førde på trompet, Nils Petter Fredheim frå Florø på trombone, i tillegg til berre 15 år gamle Sigurd Knapstad frå Jølster som og spelar trombone. Songarane er Elise Eide frå Olden og Janne Linn Myren frå Svelgen. Eirik Husabø sjølv spelar gitar og komponerer og arrangerer musikken, og Finn Åge Korneliussen har det lyd- og lystekniske ansvaret. Saman kallar dei seg for "Daddy" Dette er ein gjeng med skikkeleg dyktige folk, og vi har det veldig gøy saman, seier Husabø.

Sexy funk Musikkstilen deira er litt udefinerbar, men veldig spanande. Eg kallar det ein krysning mellom Prince og Frank Zappa, ispedd moderne R&B. Musikken vi spelar er alt ifrå sexy funk, rocka og til enkle, streite R&B- balladar. Det er spesiell musikk som står i fokus. Ei salig blanding, men det er slik Husabø likar best å jobbe. Musikken inneheld ein del musikalske krumspring inn i mellom. Litt sånn Zappa, men vi er ikkje fullt så galne. Ja, eg er jo galen då, men det er jo kjent frå før, gliser Husabø. Ingen ting av det dei spelar er tilfeldig, eller improvisert. Alt er nøye gjennomtenkt og dirigert frå mi side. Heilt ned til den minste detalj.

Frimannslund sin idé Eirik Husabø sjølv hadde ikkje tenkt å starte band for å få spelt og framført musikken han lagar. Det var ikkje før Ole Martin Frimannslund tok kontakt at han begynte å vurdere ideen. Bandet kom i gang på Ole Martin sitt initiativ. Han kontakta meg og spurte om vi ikkje skulle danne ei gruppe. Han meinte at musikken min burde spelast, og etter ei tenkjepause fann eg ut at det hadde vore interessant å prøve å starte eit band, seier Husabø. Så starta søket etter musikarar. Dei leita etter brukande folk i musikkmiljøa, snakka med venner og kjende, kontakta folk dei hadde spelt med før, og kom opp med ein del namn. Slik danna dei bandet "Daddy".

Vi var ute etter ein del spesifikke instrument for å få den rette sounden. Vi fekk tak i alle vi hadde "lyst på", utanom saksofon. Vi erstatta saksofonen med ei ekstra trombone, og når vi høyrde korleis det fungerte vart vi veldig nøgde. Det er skikkeleg stilig, seier han. Bandsamansettinga har vore klar sidan i fjor vår, men dei starta ikkje å spele saman før på hausten. Og først no på nyåret har dei starta med intensiv øving.

Ingen store planar Husabø og "Daddy" har ingen store planar om verdsgjennombrot eller millionsal av cd'ar. Dei vil berre kose seg med musikken. Poenget med det vi gjer er å ha det gøy, og å utfordre oss sjølve musikalsk. V vil jo sjølvsagt spele musikken vår for folk, så vi vil prøve få ein del spelejobbar i Sogn og Fjordane, og kanskje Hordaland, men vi gjer det ikkje for å tene pengar. Det kan vere at vi vil spele inn ein demo til sommaren, og kanskje bestemmer vi oss for å spele inn ein cd i studioet mitt seinare, vi får sjå kva som skjer. Men ein ting er sikkert, det skal ikkje ver kommersielt og det skal vere totalt fritt for noko penge- og profittkøyr, seier Husabø. Men det er jo ofte slike kose-prosjekt slår skikkeleg an hos publikum, og blir kjempepopulære anten dei vil eller ei, gliser han.

Etter å ha høyrd tre-fire låtar live er i alle fall Firdaposten sin journalist er sikker i sin sak: Eg hadde glatt kjøpt ein cd med dei, og meir enn gjerne betalt for å oppleve ein konsert med bandet.

Musikken er alt som Husabø lovar. Den er skikkeleg fengjande og funky. Balladane er vakre og melodiøse ispedd soul, dei litt meir raske låtane inneheld element frå rocka blues, funk og latinske rytmer. Kort sagt: musikken deira inneheld noko for ein kvar smak. Bandet er veldig samkøyrte med tanke på at dei ikkje har spelt saman så lenge, og vi gler oss til 19. April. Då er det mogeleg å oppleve "Daddy" og den stilige musikken deira live på Haavebua når dei debuterer som konsertband.

Linda Regina Bruvik 57 75 73 06 Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Full Konsert - Youtube