2003 Tony Dowler Band

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

08. Mars, 2003
Tony Dowler Band

Full rulle med Dowler

080303_Tony-Dowler

ETony Dowler Band trakka til frå start av på Haavebua laurdag kveld. (Foto: Dag Knapstad)

Tony Dowler i støtet på Haavebua.
Dei tre karane frå Manchester serverte bluesrock av den meir hardtslåande typen. Her var det bånn gass og tenna i tømmerstokkane.

Tony Dowler (gitar og vokal), David Smylie (bass) og Steve Tansley (trommer) utgjer ein klassisk blues-trio, og leverer varene i beste Rory Gallagher-stil. Bandet har tidlegare spelt på Rockweekend i Bremanger og Tony Dowler er blitt ein ekte patriot etter å ha vore der både som musikar og turist om sommaren i fleire år. Firdaposten var innom konserten tidleg på kvelden like etter start. Då var det ei halvfull Haavebu som tok i mot britane. Dowler spytta ikkje i glaset akkurat, - han trakka til og gav alt frå start.

Firdaposten:   13.03.2003  Av: Jon H. Sørland


080303_Tony-Dowler
Postboks 520, 6901 Florø
Tlf: 40 40 20 05,    E-post: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

© Linken