2003 Ti år med rock

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Ti år med rock
Av: Dag Frøyen

FLORØ: Florø Rockeklubb feirar 10-års jubileum med årets Florø Musikkfestival. I morgon brakar det laus med arrangement både på Haavebua og Florø Samfunnshus.
180603-FP-10ar-m-Rock-FP
ROCK I TI ÅR: Styret i Florø Rockeklubb (ikkje i rekkefølge) Janne Linn Myren , Line Sundal, Per Vidar Ottesen, Tor Hjalte, Geir Høyvik, Torstein Moe, Tor Albrigtsen , Per Helge Skarstein. Dag Magne Knapstad, Reidar Brandsberg. Charlotte Nygård (Styremedlem) var ikkje tilstades då bildet vart tatt. (Foto: Dag Frøyen)

ROCK I TI ÅR: Styret i Florø Rockeklubb (ikkje i rekkefølge) Janne Linn Myren , Line Sundal, Per Vidar Ottesen, Tor Hjalte, Geir Høyvik, Torstein Moe, Tor Albrigtsen , Per Helge Skarstein. Dag Magne Knapstad, Reidar Brandsberg. Charlotte Nygård (Styremedlem) var ikkje tilstades då bildet vart tatt. (Foto: Dag Frøyen)
Det har vore mykje blod sveitte og tårer for gjengen som har sytt for gode grovilkår for live-musikk i kystbyen dei siste ti åra. For det er musikkfrelste folk som ikkje får ei krone attende for arbeidet dei legg ned. Her er det rock for alle penga og løn i eit godt musikalsk og sosialt miljø.

Rockeklubben vart starta i november 1993 av kameratane Per Vidar Ottesen, Leif Skudal, Tor Albrigtsen og Geir Høyvik. Organisasjonen har sidan starten vore av flat oppbygning. Dei ville ha meir rock og levande musikk og jobba for det. Det første arrangementet hadde dei på Windjammer, men etterkvart flytta dei ut i Haavebua. Det var før Quality Hotell var bygd og då Haavebua berre var ei saltebu utan fasilitetar vi er vande med når vi skal ein tur på byen.

Dei måtte ha eit 80 kilowatts "ko-koverk" (dieselaggregat) for å halde varmen. Bua var ikkje isolert, og om vinteren opplevde dei snø på golvet som pressa seg inn frå veggane. Toalettet måtte dei bygge sjølve av ei toalettbrakke. Den var for gutane. Jentene måtte nytte toaletta til Florø gjestehamn, eit steinkast, gjerne gjennom snøføyka. Den gongen sytte rockeklubben for heile arrangementet. Dei hadde ambulerande skjenkeløyve og bygde barane sjølve. No har Haavebua ein heilt anna standard og skjenkinga er meir eller mindre "outsourca".

I 1996 vart Rockeklubben Eiendomselskap skipa. Det ærverdige Kinnhuset vart Rockeklubben sin første eigedom. Her har dei leilegheiter for å dekke kostnader og rockekjeller til lukka og mindre arrangement. Som regel er banda som speler på arrangementa deira på kvelden med på dei legendariske og heftige nachspiela i rockekjellaren på natta. Klubben har også gjennom åra fått ei stor stjerne blant bookingbyråa i landet, og eit godt rykte på seg for å ta god hand om artistane som kjem tilbake år etter år.

Prinsippet til rockeklubben er at økonomien skal gå i null. Av og til har dei underskot på arrangementa sine, men dette blir retta opp etter den årlege festivalhelga. Elles får dei støtte av lokale sponsorar som har sett at Rockeklubben er ein viktig kulturberar i Flora kommune.

Dag Frøyen, Firdaposten
57 75 73 16
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
li