2002 Album

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

26. desember, 2002
Rikt, men redusert "Album"

261202_Album
Foto Dag Frøyen

Bandet "Album" er for mange ein institusjon i Florø, og eit "must" i romjula. Og det var også ei flott stemning på Haavebua 2. juledag. Veltrakka dansegolv og smilande fjes på alle bord. Men nokre av gromlåtane til bandet fekk vi ikkje oppleve torsdag. Gitaristen Willy Giil var hindra for å stille til konserten no i jula. Like før jul reiste han til Guatemala og dottera si. Så det var nok nokre som sakna den heil eigne "Willy-klangen" og dei kjære Shadoes låtane.  Dei dårlege skjulte luftgitarane som vi muntert har registrert under låtar som til dømes "Apache" var fraværende. Like fullt gav kvartetten som var att med Igvar Hopland i front kjempestemning.

Vi storkosa oss og det verka det som publikum gjorde også, fortalte tagentmeister Arne Sunnarvik i "Album"