2011 Gabriel Fliflet Band

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

Gabriel Fliflet Band
Hagen
Torsdag, 17. mars, 2011, kl. 21:30

-11-Flitflet-Hamre

Åresong

Gabriel Fliflet har evna til å skape melodiar som er både originale og vakre, samtidig som dei understrekar innhaldet i teksten, skreiv Olav Gorseth frå Bergens Tidende etter at konserten Åresong hadde urpremiere på Festspillene i Bergen i 2010.

Åresong er eit tingingsverk til Festspillene i Bergen. Jon Fosse er ansvarleg for tekstane, som er små glimt av livet. Av verda vår. Musikar, komponist og humorist, Gabriel Fliflet har sett vakre og energiske melodiar til. – Det er melodiøst og syngbart, ein stor del poesi, og innimellom bryt ein meir fandenivoldsk energi gjennom. Musikken er imøtekomande, men litt uventa, utan å bere preg av klisjear, seier Gabriel Fliflet sjølv om verket.

Per Randers Haukaas i Bergensavisen hadde berre ein tanke i hovudet etter konserten: At alle må få høyre denne musikken. Og no er Haukaas sitt ønskje i ferd med å bli oppfylt, når Åresong vitjar Florø som ein av åtte stoppestadar denne våren.

Til framføringa av Åresong har Gabriel Fliflet med seg eit topplag av norske musikarar;
Per Jørgensen (song og trompet), Benedicte Maurseth (song og hardingfele), Kristoffer Vogt (song og kontrabass) og Stein Urheim (song og strengeinstrument).

Jon Fosse gav ut tekstane i boka Songar på Samlaget i haust.