2011 Juni 17 - El Cuero

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

El Cuero på Haavebua fredag 17 juni 2011

Om dette bandet er i nærleiken av det ryktet dei har som konsertband, er Haavebua i midten avjuni staden å være. Det kan bli legendarisk.

 

”Did I Know You” roar det heile ned. Eit rolegare og varmare lydbilete. Med piano og nydeleg duettvokal av Kim Fairchild. Ein nydeleg kjenslevart sving ut i eit litt anna landskap. Som sørgjer for god dynamikk på plata.

Men nok kos, ”A New Morning” opnar med ein gitar som tydar alvor. Tilsynelatande. Dei byggjar låten opp og ned før den bryt ut i nok sterkt refreng. Av sorten Pogo Pops lett kunne ha stilt opp med. Yeah right, Frank Hammersland er med og korar på refrenget. Og eigentleg hadde eg ikkje blitt overraska om nemnde band hadde levert ein låt som denne. Her er mykje som skjer i lydbiletet med kastanjettar og glockenspiel. Nok ein sving ut i eit litt anna landskap. Utan at eg eigentleg reagerer på det. Det er framleis umiskjenneleg El Cuero. Berre litt annleis. ”When It’s Over” varslar heldigvis ikkje slutten. Nok ein herleg passeleg tung westcoastlåt med mykje gitarar og hammondorgel. Det er noko med Hammond B3 orgelet som set meg i ein herleg stemning. Og etter kvart er det berre naturleg at dei på ”Still Be Your Man” snublar innom country. Som eit Eagles med litt skarpe kantar. Med eit piano strategisk plassert i lyden. ”Stay With Me (One More Night)” varslar omsider slutten. Og då brukar dei over seks minutt med ein nydeleg blanding av Neil Young- og Lynyrd Skynyrd-inspirert vellyd til å avslutte denne fantastiske plata. Ei plate som saknar sidestykke i den norske musikkfloraen. Og no håpar eg berre at så mange som mogleg oppdagar det same som eg.
Med vestkustreferansane eg har nemnd over passar det bra at dei dreg direkte til San Francisco med ”No Seats At The Fillmore”. Den legendariske konsertstaden i nemnde by. Og den raske, elektriske opninga hadde glidd rett inn der under høgmaktsdagane på 70-talet. Sterk vokal frå Brynjar Takle Ohr, nydeleg, sterk koring frå Kim Fairchild og etter kvart ein rivande gitarsolo. ”Footprints” var den første smakebiten som blei slept frå plata. Og den litt rolegare låten passar nydeleg inn som albumspor og. Igjen med sterk vokal. Sterk melodi og brusande hammondorgel. Meir kjenslevar gitarsolo. Og eit fantastisk refreng med heilt nydeleg koring. Eg trudde nokre skund at eg var innom Wilco sin ”Sky, Blue Sky” i byrjinga på ”Yellow Moon”. No er nok El Cuero litt streitare enn Wilco for tida. Men ”Yellow Moon” er ein låt Jeff Tweedy ikkje ville hatt noko i mot å ha skrive. Dei dreg det her eit steg vidare med å inkludere strykarar i lydbildet. Litt meir dramatisk med god dynamikk. Og ein eigentleg nydeleg låt. Med godt tempo. Eg merkar allereie etter 4-5 lyttingar at låtane festar seg, at dei er lette å hugse. For meg eit godt teikn. ”I’m On My Way” byrjar litt meir dramatisk og tyngre. Tyngda og det saktare tempoet hjelp til å understreke kvaliteten i låten. Som bli dradd heilt i taket når dei når refrenget. Med nydeleg koring. Litt raskare blir det igjen på ”Graveyard Dirt”. Utan at dei avvik så mykje frå malen på resten av plata. Og til liks med den føregåande, er denne kjerneutgåva av bandet. To gitarar, bass og trommar. Med Brynjar Takle Ohr surfande på toppen. Den reinaste og soniske utgåva eg forventar å høyre live i summar.
Men referansar eller ikkje. Eg tykkjar eigentleg at El Cuero etter kvart liknar mest på seg sjølv.


Årets utgåve av El Cuero er om mogleg endå sterkare enn dei var på dei to første utgjevingane. Mykje fordi dei har letta litt på tyngda i lydbiletet og blitt meir elegante. Og straumlinjeforma. Utan å miste eit milligram av kvaliteten. Som ved førre korsveg har Lars Haavard Haugen frå Hellbillies produsert. Og nettopp Hellbillies er heller ikkje denne gongen nokon dårleg referanse. Kanskje endå meir no, sånn som dei har utvikla seg frå førre plate. Då samanlikna eg dei og litt med Madrugada. Men denne gongen blir det feil. Dei er mykje meir amerikanske i lyden enn som så. Men referansane til Neil Young. Og kanskje endå meir Crosby, Stills og Nash, står eg framleis inne for.
OK, ferdig med vasinga.

El Cuero stiller denne gongen, i alle fall i følgje presseskrivet, med sensasjonelt låtmateriale. Ein uttale som vanlegvis berre slår tilbake på bandet. Og sjølvsagt er ikkje dette sensasjonelt. For det er ikkje noko sensasjonelt med gode låtar. Men at det er gode låtar; veldig, veldig gode låtar, er det ikkje tvil om. Men sensasjonelt? Nei.

Om dette bandet er i nærleiken av det ryktet dei har som konsertband, er Haavebua i midten av juni staden å være. Det kan bli legendarisk.

 

”From Mountains To Sand”EL CUERO

http://www.el-cuero.com./

 

Firdaposten