2015 juni 19: Himmel og Hav: Rockeplakaten

Del denne artikkelen

Submit to Facebook

2015 - Artistene2015 - Artistene
FLORØ: Musikkdelen av sommarens Himmel & Hav-helg i Florø er på plass. Det blir ei god blanding av kjenningar og nye ansikt, lovar Per Vidar Ottesen.

25.04.2015 Firdaposten: av: SVEND ARNE VEE, Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Himmel & Hav-festivalen 2015 startar fredag 19. juni, med båttur for sponsorar. Årets norske bidragsytar blir suksessbandet Violet Road. Brødre-kvartetten såg dagens lys i 2010 og består av Håkon, Hogne, Halvard og Herman Rundberg frå Kåfjord, samt Kjetil Holmstad-Solberg fra Andøya. Nordlendingane, som framleis har base i heimbygda, turnerte hyppig i fjor etter utgjevinga av si andre plate «Back To The Roadshow», og gjesta mellom anna Målrock i Årdal, der dei nærast stal heile showet før stormkasta sette eit for tidleg punktum for konsertane i fjor. Musikalsk ligg Violet Road i eit folkrocka poplandskap, med sterke melodiar og eit veldig trøkk frå scena.

Heilirsk fredag
Men den irske profilen som festivalen har henta innatt og styrka dei siste fem åra, den består, lovar Per Vidar Ottesen i Florø Rockeklubb. Fredagskvelden blir difor heilirsk på Haavebua. Rockeklubben kan friste med at florøvenene Tupelo kjem på nytt sommarbesøk. Men i år har han fått napp hjå eit band til Florø som han har jakta på i fleire år.

Superkvartett
I tillegg til at vi får ny visitt av Tupelo, så får vi besøk av kvartetten Traditional All Stars. Desse irane er svært dyktige musikarar som har spelt med irlands største artistar lenge, til dømes namn som Clannad, Sinead O'Connor, Tom Jones, Brian Eno, Luka Bloom, Moya Brennan og Hazel O'Connor. Dei er ikkje eit band i ordinær forstand, men dei kjem saman med ujamne mellomrom for å spele konsertar, og denne gongen kom vi oss inn på turnélista, fortel Ottesen.

Traditional All Stars består av fløytespelaren Eamonn de Barra, fiolinisten Michelle O'Brien, blås- og sekkepipespelar Eamonn Galldubh og gitarist Ian Kinsella.

Billetter
Er nå lagt ut på Narvesen, Quality Hotell og Telenorbutikken.

Etter FB responsen å dømme så er det bare å hive seg rundt å kjøpe før det blir for seint. Det kommer til å blir mye folk på bua

Himmel & Hav-musikk 2015 Årets Himmel & Hav-festival går av stabelen frå torsdag 18. til søndag 20.juni. Florø Rockeklubb har ansvaret for konsertane, og det vert musikk både i Strandgata på dagtid og på Haavebuapå kveldstid. Band som er bekrefta er Tupelo (Irl.), Violet Road (N) og det irske kollektivet Traditional All Stars.