2010 Sigrid Moldestad

Sigrid Moldestad

10-Kommer-Moldestad

Haavebua: Lørdag, 7. august, 2010 kl. 21:00 (presis)
Supertaus Sigrid Moldestad kjem til Florø og Haavebua med ny plate og nye songar i kofferten etter suksessførestillinga og plata TAUS, som ho mellom anna vann Spellemannsprisen 2007 for.
Med sine særeigne formidlingsevner er ho nok ein gong klar til å framkalle både latter og tårer. Ho har med seg sjølvskrive materiale i tillegg til å ha tonesett Robert Burns - som er vakkert gjendikta til nynorsk av Johannes Gjerdåker. Med fela og hardingfela spelar ho på råskapen i folkemusikken, og byr på musikk av både ny og gamal årgang.
Moldestad er trufast mot tradisjonane, men utfordrar òg musikken og gjer han til sin eigen.

Sigrid Moldestad – vokal, fele, hardingfele Sigbjørn Apeland – trøorgel Jørgen Sandvik - gitar, banjo, mandolin Anders Hall - fele, bratsj, hardingfele, Stein Urheim - gitar

www.myspace.com/sigridmoldestad


2010 CatchyClub

 

CatchyClub: Haavebua

10-Kommer-CatchyClub

Fredag 18. juni, 2010

Gruppe frå Florø i begynnelsen av syttitalet. Av mange rekna som eit prog-band, pga innslag av Uriah Heep, Deep Purple og Emerson, Lake and Palmer på repetoaret. Komponerte litt sjølv, men rakk ikkje å satse noko på dette før gruppa vart oppløyst våren 1974.

Starta opp første gong så tidleg som i 1969 av Terje Nybø (gitar), Leif Skudal (trommer) ,Jan Arve Jensen (sang og gitar) og Bjørn Eide (bass). Terje frå Værlandet, Leif, Jan Arve og Bjørn frå Florø. Etter 1 år (1968) begynte Terje på musikklinja på lærarskulen i Bergen, og CC vart oppløyst. I 1970 vart gruppa starta opp att, men då med Per Vidar Nybø (bror til Terje) på gitar, og Erling Sunnarvik på bass.

Sommaren 1971 var Terje ferdig på lærarskulen og vart med på orgel. Då var også Arve Skudal (bror til Leif) med på gitar. Forvirra? For sikkerheits skuld: Besetning sommaren 1971: Terje, Jan Arve, Leif, Per Vidar, Erling og Arve. Catchy Club var ei gruppe som øvde mykje og søkte stadige utfordringar, og fekk etter kvart mykje speleoppdrag. 5. mai 1972 vant CC ein popkonkurranse i Molde og vart kåra til Nordvestlandets beste gruppe. Per Vidar fortel vidare: Det var stort, og ga oss den driven vi trengde for å realisere nokre planar som vi hadde leika oss litt med; nemleg å "gå proff".

Det vart intervju og opptak med Bergen Lokal, som NRK Bergen heitte den gongen. I juli gjorde vi opptak på Værlandet med ein Tandberg spolebandopptakar og 2 TB opptaksmikrofonar. Ikkje rom for miksing og fiksing akkurat;vi måtte spele alt rett inn. Det vesle som fins av opptak o.l. er frå denne perioden (bortsett frå opptak av 2 låtar gjort under ei samling i 2001). I 1973 gjorde vi oss klar til å satse proff. Erling hadde ikkje anledning til dette. og slutta i CC. Bjørn Erik ("Beken") Kråkenes frå Måløy tok då hans plass. Hausten 1973 spelte vi mykje i Haugesund og i Nord-Rogaland, og vart svært populære. Det var stappfulle hus overalt, oså midt i veka.

Men i den tida var det dessverre ein del useriøse aktørar (impressarioar) på marknaden, og i ettertid kan ein vel seie at vi burde ha vore litt kritiske når det gjaldt å stole på folk. Vi vart lovt turne og spelejobbar i Danmark, men det vart ikkje noko av. Det var som å få eit slag under beltestaden. Vi hadde sagt i frå oss spelejobbar i fleng her heime, og dermed sto vi på bar bakke, utan jobbar og utan eit støtteapparat rundt oss. Dessutan spøkte også innkalling til militære for Per Vidar og Bjørn Erik. Så våren 1974 var det slutt.

Vi ser fram til å spele i Florø i samband med byjubileum og sildebordshelg! Og ikkje minst øvinga på forhånd! Fredag 18. juni rundt midnatt brakar det laust på Haavebua!

 

2010 Pegasus 25 des

Pegasus: (1. juledag)

10-Kommer-Pegasus
Haavebua. Lørdag, 25. desember
1. juledag er det klart for den årlige Pegasus romjulskonserten. Med nye coverhiter på lager blir det nok stinn brakke og et heseblesende liv.

Billettene er nå lagt ut for salg, så her blir det som vanlig tidlig utsolgt og stor stemning. Så et godt tips er å skaffe seg billett i tide

 

2010 Karl Seglem

 

Karl Seglem

10-Kommer-Seglem
Haavebua: Torsdag, 4. november, 2010 kl. 21:00

Tekst og Foto: FP. v/ Svend Arne Vee
Torsdag 4. november kjem ein av Norges mest kritikarroste eksportartiklar til Florø. Med fullt band i ryggen byr Karl Seglem på smakebitar frå ein 20 år lang karriere, inkludert den heilt ferske utgjevinga «Ossicles».

Han blir ofte nemnt i same åndedrag som Jan Garbarek, Mari Boine og Nils Petter Molvær. Men når saksfonisten og årdølen Karl Seglem legg ned saksfonen og hentar fram bukkehornet, framstår han ofte som endå meir spennande og grensesprengjande enn dei nemnde kollegaene. Dei siste åra har den eine plata avløyst den andre, og til stadig større applaus - ikkje minst på kontinentet, der Seglem har sitt aller største publikum.

17. oktober startar han turneen, som tel sju norske spelestadar før han set kursen mot Tyskland, der det skal gjennomførast åtte konsertar. Det heile blir avslutta i Oslo 14. desember.

Det er Førdefestivalen, Florø 150 og Florø Rockeklubb som samarbeider om å få Seglem til Florø og Haavebua, og til bua kjem Seglem med fullt band. På perkusjon finn ein Harald Skullerud, Olav Torget spelar gitar, Stefan Bergman bass, og som vanleg er Seglem sin mangeårige felevirtous og sambygding Håkon Høgemo med på laget.

Den nye plata «Ossicles» har fått svært gode skussmål både her heime og ute blant musikkmeldarane. Fleire peikar på at Seglem stadig sprengjer grenser i det musikalske klanguniverset han har bygt opp, og at musikken også blir meir og meir visuell. Dagbladet har trilla til terningkast seks, og fleire omtalar allereie «Ossicles» som ein moderne norsk klassikar.

 

 

2010 Spik Adel

Spik Adel

10-Kommer-Spik-Adel
Haavebua: Lørdag, 1. mai 2010
Bremanger-gruppa Spik Adel har eit musikalsk rom med sterk og vedvarande rock'n roll frå 70', 80'og 90' talet, med røter i folk, blues og moderne country. Som leiestjerner har bandet artistar som Richard Thompson, Uncle Tupelo, The Band og Le Roi Brothers.
Med årelang erfaring og vedvarande kjærleik til den musikken dei framfører, leverer Spik Adel dei edle varene med "trøkk", overtyding og eleganse.

http://spikadel.com/


2010 Storm Weather Shanty choir

Storm Weather Shanty choir

storm

Haavebua: Lørdag, 15. mai, 2010
http://www.myspace.com/shantychoir

2010 Kulturhelg på Haavebua

Musikkhelg på Haavebua 2010

Fredag 18. juni

Lørdag 19. juni

Ni Liv

kl. 22:30

10-Kommer-Musikkhelg

De spiller melodiøse og fengande låter med norske tekstar på dialekt, som handler om livet, kjærleiken, galskap, det  heimlege, menneskelege og dei som fell utanfor..

ORBO & The Longs Hot

kl. 22:30

10-Kommer-Musikkhelg

Et Bergens rock and roll-band med innslag av contry.  Bandet har gitt ut fire album, og vant Spellemannprisen 2008 for albumet High Roller. http://www.orbo.no

kl. 24:00
10-Kommer-Musikkhelg

Réunion av Florøbandet som  i 1972 ble kåra som vestlandets beste gruppe. Dei blei proff og spilte for fulle hus til dei la opp i 74

The Real Ones

kl. 00:30

10-Kommer-Musikkhelg

iBergens gruppen framfører engelsk språklig  folk-rock som grenser mot melodiøs pop . http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/372954

Intim konserter lørdag formiddag

Det blir intim konserter på bryggekanten ved Quality og ute i Hagen på lørdag formiddag, Ved dårlig vær blir begge konsertene flyttet innendørs.