2004 Twistaroos Januar

24. januar 2004

Twistaroos-220104-FP


The Twistaroos - Ingen over

HAAVEBUA: Vibeke Saugestad er elska av rockeklubben og med god grunn. Fyrverkeriet frå festivalen i fjor sette spor og laurdag leverte ho på nytt. Sjølv om det berre var 150 tilstades fekk ho publikum til å verke eksklusive framfor fåtallige. (Foto: Dag Frøyen)

Med ein sceneenergi som olympiatoppen burde vurdert å støtte, kom det heftig rock frå Vibeke Saugestad og bandet The Twistarooes laurdag. Sjølv om kanskje fleire enn underteikna ville hatt ein reprise av bomba som gjekk av på festivalen i fjor, då Saugestad leverte det som har dei hardbarka rockarane i Rockeklubben har kalla den beste konsertopplevinga i Florø, vart The Twistarooes prosjektet noko annleis. Utan å samanlikne med Rai Rai rølp frå Namsos var dette suggerande rock'n roll som mana til deltaking. Den særprega stemma, den unike kontakten med publikum og showet gjorde at Saugestad hadde full kontroll.

Sjeldant har vi opplevd at alle i Bua har vore på dansegolvet og føre scena samtidig. Etter hovudsettet gira mossejenta opp fire gir. Ein utveksling som fekk rockenestor Per Vidar Ottesen til å gripe mikrofonen på scena og spontaninvitere alle på nachspiel med Vibeke i rockekjellaren.

Vibeke Saugestad viste at ho er aleine som rockedronning i Norge. Rock`n roll av beste merke og skulle vi kunne be rockeklubben om ein ny kjeledegge ala Raggle Taggle Gypsies? Vil vi gjerne ha Vibeke Saugestad.

Dag Frøyen
57757316
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
Twistaroos-220104-FP
GAV ALT: Vibeke Saugestad viste sitt scenetekke under konserten laurdag. (Foto: Dag Frøyen)

 

2004 Gluecifer

Rå og kompromisslaus Gluecifer

Gluecifer_220404 FP


Haavebua 22.april.2004

RÅTT: Rockeveteranane Gluecifer er for tida hyperaktuelle. Dei blir spelt på MTV og er fartstida til tross noko av den mest spennande i norsk rock sett utanfrå. I Florø er det færre med same perspektivet, men nokre hadde fatta det. (Foto: Dag Frøyen

Skal ein finne ein forklaring på det fattige oppmøtet, er det tidspunktet. For torsdag er ikkje den beste dagen skal ein smelle til med eit band av Gluecifer sitt kaliber. I allefall ikkje i Florø.

160 menneske ville skapt større stemning på Haavebua, men verka fattig på Samfunnshuset. Scenekravet gjorde likevel til at Haavebua var uaktuell. Og det ville også bandet også vore knytt til ei helg. Då tredoblast nemleg prisen. Likevel vart det ein økonomisk smell for arrangørane Florø Rockeklubb og Bistro to kokker.

Gluecifer_220404 FPSaman med Turboneger tronar Gluecifer på rocketrona i Norge, og dei er i vinden som aldri før. Turnelista har til no ikkje mindre enn 46 konsertar utanfor grensene og kjempekritikkane for det siste albumet Automatic Thrill er i ferd med å opne dørene for rockeveteranane.

Aktualiteten til tross, dei gode kritikkane og suksessen har ikkje gått til hovudet på rockeveteranane. Skoa er trygt limt fast i golvet og publikum fekk valuta for pengane. Foto: Dag Magne Knapstad

 

2004 Havana Club TH

Havana Club

Havanna-041113


Haavebua, Lørdag 13. november 2004

Ca 100 stk hadde tatt turen til Haavebua denne kvelden. At det var såpass lite folk får vi sette på kontoen til svært mange kulturarrangement i Florø denne høsten.

Bandet klarte likevel å varme godt opp de som var der. Med sin salsa / latino inspirerte musikk ble det mye heftig dansing. Bandet var også svært fornøyd med responsen de fikk.

Florøgutt og bassist Torbjørn Hillersøy beviste en gang for alle at han mest sannsynlig er helt i Norgestoppen når det gjelder traktering av bassgitaren. En bass-solo hinsides all sunn fornuft på slutten av konserten beviste dette.



 

2004 Hayseed Mars

Vanvittig bra Hayseed!

Hayseed-280204-FP


Haavebua, Lørdag 28. februar 2004

FLORØ: Hadde det vore opp til Hayseed-frelste florøværingar, ville truleg bandet stukke av med prisen for årets beste rockeband under Spelemannsprisen i Oslo samme kveld. (Foto: Linda Regina Bruvik)

Sjeldan har det kokt slik på Haavebua i Florø som det gjorde laurdag. Vokalist Morten Fredheim, Florø-gitarist Terje Kjørlaug, trommis Remi Fagereng og bassist Endre Hallre leverte til tusen og endå litt til. Med sin reindyrka, funky, dampande og rå rock'n roll hadde dei taket på publikum frå første akkord.

Ustoppeleg
Vokalist Morten Fredheim er utstoppeleg energisk, han er sjarmerande spinnvill, høgt og lågt, med eit scenetekke og ein kontakt med publikum som gjer at sjølv den rolegaste guten eller jenta i klassen berre må rocke med. Sjølvsagt godt hjelpt av dei instrumentale eigenskapande til Fagereng, Hayseed-280204-FPHallre og sist, men definitivt ikkje minst, vår eigen lokale gitarhelt Terje Kjørlaug.

Og endå meir populært vart bandet då Fredheim sa dette frå scena:
I går var vi i Førde. Det var ganske så keisamt. I dag er vi i Florø, og det rocker som f!!! Til ære for dykk skal vi no spele songen Florø rock city!
Som var ein coverversjon av Kizz sin Detroit rock city, utan at det var noko som helst negativt.

Spellemenn
Kanskje burde Hayseed stått på scena i Chateu Neuf laurdag og motteke ein Spellemansspris. Og medan prisløna norske musikkstjerner starta nachspielet i tigerstaden, med Spelemann-statuetten i den eine handa og champagneglasset i den andre, la Hayseed inn ein sterk søknad til neste års prisutdeling. Berre synd juryen ikkje høyrde kva bandet leverte av varer.

For dessverre ser det ut til at bandet, som med dagens besetning har spelt sidan 2001, framleis er ein ganske godt bevart løyndom i Musikk-Norge. I alle fall for dei bransjetoppane som signerer nye band. At bandet har unngått å lande ein platekontrakt er eigentleg både merkeleg og uforklarleg.

Kanskje er dei for snille og skikkelege, for lite utspjåka og sminka, kanskje har dei for kort hår eller for lite naglar. Arbeidslysta og innsatsen deira er det ingen ting å seie på, dei har spelt inn to promo-cdar og spelt over 60 konsertar, mellom anna på Norwegian Wood-festivalen. Musikken er det heller ingen ting å utsette på tvert om. Her er det både særpreg, kvalitet og stort hit-potensiale.

Linda Regina Bruvik
Tlf. 57 75 73 07
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
SPINNVILL: Vokalist Morten Fredheim fanga publikum med sitt sugande blikk og sin energiske scenesjarm. (Foto: Linda Regina Bruvik)

 Hayseed-280204-FP

2004 Det Betales

 

Det Betales

Kommer-04-Betales


Haavebua, Lørdag 17. juli

Helgen 16 - 19 Juli blir Florø satt i fotballens tegn. Et historisk møte mellom Florø Old Boys og Liverpool Old Boys vil finne sted på Florø stadion denne helgen. I tillegg til dette vil det meste denne helgen dreie seg om fotball og musikk. Alt skal stå i den engelske kulturens tegn med alt hva det innebærer.
I forbindelse med dette storfine besøket denne helgen så er det vel ingenting som er mer naturlig enn å presentere musikk fra verdens beste band gjennom tidene, The Beatles. Som kjent så trådte jo disse gutta sine barnesko i nettopp denne legendariske byen. Bandet som har fått det ærefulle oppdrag er Det Betales, som er norges desidert beste Beatles tribute band. De vil fylle den gamle saltebua med udødeliggjorte schlagere som Penny Lane , Hey Jude , Yesterday og mange flere. Husk å krysse av i kalenderen for en kulturhistorisk begivenhet denne helgen.
Og aller mest husk: "You`ll never walk alone"
Les på deres heimeside www.betales.com

2004 Chris Thompson

Kommer-04-Chris-Thompson

Sammen med Florø MC Klubb har vi gleden av å få vokalisten fra "Manfred Mann's Earth Band" - Cris Thompson og Mads Eriksen tilbake på Haavebua. Det har gått over 2 år siden sist de stod på senen på bua, men de som var der husker det nok som om det var i går. Dag Frøyen i Firdaposten skreiv følgende etter forrige konsert

"Allsongen til dei gamle sviskene ljoma under tjærebreidde buabjelkar, og fleire gonger vart Thompson overraska over eit publikum som kunne tekstane. Thompson viste også kvifor han er ein vokalist dei store stjernene ønskjer i studio på platene sine. Rett og slett den beste rockevokalisten underteikna har høyrt i Florø.

Chris var vokalist og frontfigur i det legendariske bandet "Manfred Mann's Earth Band" De lover å gjøre en rekke Manfred Mann-klassikere. som «Davy's On The Road Again», «Blinded By The Light», «Mighty Quinn», «For You», «Questions» og «Redemption Song» (Bob Marley)
Det er de beste låtene fra tiden med Earth Band, mener Thompson. Som synes det er viktig å gi folk det de vil ha. Men det blir også rom for mange nye låter og. Så gled dere til en uforglemmelig kveld på bua.

2004 Clearwaters

 

Haavebua, 1. mai 2004

Kommer-04-Clearwaters-04

Kommer-04-Clearwaters-04

I forbindelse med årets båtmesse har vi den glede av å presentere Creedence Night på Haavebua Lørdag 01 Mai.

2004 Daddy

Daddy og Cordial Crash Haavebua, Lørdag (Påskeafta)

daddy Daddy med multikunstneren Eirik Husabø i front er igjen klar for å presentere sitt egenkomponerte materiale for Florø-publikummet. Med sin soulfunk baserte musikk gjorde de et voldsomt bra inntrykk sist gang de var i aksjon. Med topp kvalitet i alle ledd er dette et band det oser kvalitet av.
Bruk påskeafta til å la deg forføre av Florø`s egen "The Artist Formerly Known As Prince".
Musikkvideo: https://www.youtube.com/watch?v=F9Eq7ZZBMxM  - oppdatert 2015

2004 Gluecefer

Florø Samfunnshus, Torsdag 22. april

Kommer-04-Gluecifer

Det er ett av Norges beste "live band" som besøker samfunnshuset denne torsdags kvelden i april. Deres nye plate og konserter er blitt skamrost av media.
[Se deres heimeside] Kommer-04-Gluecifer[VG: Gnistrende Gull]

Denne konserten er i samarbeid med Bistro To Kokker

2004 Havana Club

Havana Club

Kommer-04-Havanna-nov
Haavebua, Lørdag 13. november 2004

HAVANA CLUB

Flørtende cubanske jenter og den beste rom i verden. Eggende rytmer som smelter din forfrosne sjel. Havana Club gir deg en smak av Cuba.

Havana Club består av syv musikere fra Bergen. Bandet har eksistert i tre år og har på denne tiden hatt en rekke oppdrag. Ricks og Stundesløse, de to store underholdningsscenene i Bergen, har begge hatt besøk av Havana Club. Av andre steder kan vi nevne Sommer Bergen(2000), Påskefrokosten, Bergen Internasjonale Kultursenter, Madam Felle, Mambo Club og Mobergsvikjo(OS).

Bandets vokalist er fra Cuba. Som en slags skjebnens ironi heter han Norge. Festivaler og klubber har allerede fått ørene opp for vokalisten i Havana Club. Under årets Dølajazz(Lillehammer) kunne man høre ham med et salsastjernelag fra Danmark, Sverige, Norge og Cuba.

Havana Club er:

Norge Sanchez vokal, perkusjon
Lois Aguilera Timbales, kubjelle, vokal.
Asbjørn Sundal Congas.
Torbjørn Hillersøy Bass.
Ingolf Håland Piano.
Jan Kåre Hystad Saxofoner.
Jan Erik Reknes Trompet.0,-


 

2004 Hayseed

Hayseed

Kommer-04-Hayseed

Haavebua, Lørdag 28. februar
Nok en gang får vi besøk av dette fantastiske bandet med Terje Kjørlaug i spissen. Knalltøff, sugende og funky rock`n`roll er varemerket deres. De leverer varene med en presisjon som overgår de fleste andre i samme genren. Er du ute etter en musikalsk opplevelse som gir deg både Red Hot Chili Peppers og Van Halen på en og samme tid så er du hjertelig velkommen på bua denne kvelden. Det er med stolthet at Rockeklubben for tredje gang kan presentere et så bra band som har utspring i en Florø gitarist

 

 

Kommer-04-Hayseed