2012 Askil Holm & Elektrisk Band

Askil Holm platedebuterer på trøndersk

Askilband Pressebilde einytid-just

Lørdag 13 Oktober knaller vi til med Askil Holm & Elektrisk Band. Med rykende ferskt album i sekken og vår "egen" Terje Kjørlaug på gitar blir det bånn spiker på Haavebua :

Nå skal jeg vise hvem faen Askil Holm egentlig er, sier Namsosingen Askil Holm som platedebuterer på trøndersk. Inspirert av trønderrockere som Åge Aleksandersen, Terje Tysland, Hans Rotmo og D.D.E., men også DumDum Boys og Motorpsycho, har Askil Holm slått seg sammen med komiker og skuespiller Jon Niklas Rønning for å skrive tekster til plata.

De to møttes på Rockefeller og lagde raskt en parodi på Marit Voldsæthers revynummer «Hvem faen er Askil Holm», og samarbeidet var så fruktbart at de tok fatt på ei hel plate. Ei ny tid» er et dokument over oppvekst på 90- og 2000-tallet, og starten på en ny karriere for Askil Holm.

2012 The High Kings

Himmel & Hav-festivalen byr på irsk festmusikk.HigKings-01

Firdaposten 15.06.2012 Av: Svend Arne Vee

KLARE FOR NORGE: The High Kings kjem til Norge for første gong, og spelar fredag 15. juni på Haavebua. Foto: Privat

Florøfolk er ikkje kjende for å vere tidlegast ute når det gjeld å sikre seg konsertbillettar. Men det ser ut til at mange har fått med seg at Florø rockeklubb har eit verkeleg storband på plakaten fredag 15. juni, for måndag var vel halvparten av billettane til Haavebua-konserten med The High Kings selde.

The High Kings byrjar å bli svært store og turnerer heile verda. For nokre månader sidan blei dei inviterte til det kvite hus og spelte for president Obama på sjølvaste St. Patrick's Day, seier Per Vidar Ottesen, som har vore fan av bandet lenge.

Dei er nok arvtakarane til The Dubliners og det neste store verdsbandet frå Irland - i alle fall når det gjeld folkrock, seier han.

Ottesen trur rockeklubben gjer rett i å gjeninnføre den irske profilen, slik dei no har gjort fredagskvelden. Då blir det folkemusikk for alle penga, med The Young Folk som førsteband, før The High Kings avsluttar ballet.

Det blir garantert stor stemning for dei som er glade i denne musikkformen - og det er tydelegvis mange. Det er etter påtrykk frå mykje florøfolk at vi no har spissa den irske profilen att, legg han til.

Men musikkhelga på Haavebua har også meir på plakaten om du ikkje er hekta på irsk musikk. Det fremadstormande norske bandet Death By Unga Bunga er headliner laurdagskvelden.

FOTO: Jansen Records

Bandet har fått mykje merksemd for den garasje/60-talsinspirerte poprocken sin, og er ute med si andre plate som har hausta gode kritikkar. Inspirert av band som The Cramps, The Sonics og andre gamle helteband, gir dei full gass og vil garantert rocke Haavebua laurdagskvelden. Death By Unga Bunga kan dusjekke ut via denne linken.

Billettar til Haavebua-konsertane får ein kjøpt på Quality Hotel, på Narvesen i Strandgata eller på billettservice.no.

2012 Gode gamle dager

Gode gamle dager

20012 04 styret

Rockeklubben er, pålitelege som alltid, klare for å avsløre programmet for den sagnomsuste helga i juni då Florø står på hovudet.
Og dei vil tilbake til dei gode tidene då irske band av høg klasse fekk golvet i Haavebua til å gynge. Då låtar som «The Irish Rover» og «Black Velvet Band» løfta taket, godt hjelpte av hese og lukkelege strupar som hjelpte bandet med tekstane. Mange av desse strupene har gjeve uttrykk for at eit sterkt sakn etter irske tilstandar på Haavebua, men no er det ikkje lenge att å vente. Endeleg!

Firdaposten, 19. april 2012 av Liv Standal

Fredag 15. juni er det nemleg klart for eit namn rockeklubben har kjempa i fleire år for å få på kroken: The High Kings.

– Dei turnerar mykje, mellom anna i USA, så vi er utruleg glade for at dei endeleg fekk passa Florø inn i reiseruta, seier Per Vidar Ottesen nøgd. Dei fire medlemmene i The High Kings har kvar for seg mange merittar bak seg, og når dei gjekk saman og danna band, vart dei raskt svært populære. For å illustrere dette kan nemnast at dei førre månad spelte under St. Patricks Day-feiringa i det Kvite Hus i Washington. Dei spelar mange av låtane florøfolket har trykt til sitt bryst gjennom åra, men greier samstundes å tilføre noko nytt gjennom dei stemingsfulle arrangementa.

Gamle kjende
Men i tillegg til The High Kings kjem også The Young Folk som mange stifta bekjentskap med under festivalen i fjor . Dei er første band ut både fredag og laurdag. Dette er eit ungt band som har både klassikarar på repertoaret, samstundes med eit meir rocka uttrykk.

Men kva var grunnen til at dei gav seg med det suksessrike konseptet med irsk fredag under Kystfestivalen?

Det starta med The Dubliners og Raggle Taggle Gypsies og dette var gode band som løfta konseptet høgt. Men etter kvart det vanskeleg å oppretthalde den høge standarden, og difor vart det til at vi gjekk vekk frå det, seier Geir Høyvik.

Rocka og retro
Laurdagen skal også setjast av om du vil ha med eit up and coming norsk band. Death By Unga Bunga er det kryptiske namnet på den unge, hardtslåande gruppa frå Moss/Oslo som inntek scena etter The Young Folk. Dette er skikkeleg 60-tals rock'n roll, men så listar dei då og opp namn som The Cramps, Velvet Underground og Scramin' Jay Hawkins som inspirasjonskjelder. Det er Janne Kristin Fristad som har snusa opp dette bandet. Ho var til stades då dei spelte for eit fullsett Rockefeller i Oslo nyleg og meinte at dette måtte vere perfekt for den intime scenen på Haavebua. Billettane til rockehelga kjem i sal om 2-3 veker, og det er ser ut til å lønne seg å vere ute i god tid.

 


2012 HIMORA

HIMORA. Haavebua Lørdag 28 April

FP_himora
Kjørlaug, Fredheim & Co setter standarden for tett og dynamisk klassisk rock&roll. Her presenterer de et nytt album tettpakket med godlåter ispedd noe eldre stoff og en og annen klassiker fra den klassiske rockens verden. Liker du ekte vare så er dette "the time and the place" :-) Be there !!

Firdaposten foto
{youtube}ScDkmTmIXIA{/youtube}

2012 Furubotn & Seglem

Landets heitaste jazzduo

Karl Seglem og Elin Furubodten

Fredag 10. februar kjem landets heitaste jazzduo til Florø og Haavebua.

"Det er herleg å backe ein artist som Elin Furubotn, og for ein gongs skuld ikkje vere frontfigur," seier saksofonist Karl Seglem.

Samarbeidet mellom ein av landets framste saksofonistar, Karl Seglem, og songerinna Elin Furubotn kom til på merkeleg vis.

"Elin spelte konsert i Tyskland nord for Hamburg, på ei scene eg har spelt ein god del gonger tidlegare. Etter konserten kom arrangøren til Elin og nærast insisterte på at ho måtte gjere noko i lag med meg; han meinte vi ville stå perfekt til kvarandre musikalsk. Så det var med tysk hjelp dette kom til, og det har vore utruleg kjekt", fortel Karl Seglem, som no er ute på turné i lag med eit av Norges mest spennande kvinnelege jazznamn.

Internasjonal lansering
Elin Furubotn er ute med si femte plate, den andre på Kirkelig Kulturverksted. For første gong skal ho også lanserast internasjonalt, og hovudmålet er den tyske marknaden, der fleire norske jazzartistar som Jan Garbarek, Mari Boine og Karl Seglem tidlegare har gjort suksess. Difor er også fleire låtar spelt som bonusspor inn i engelskspråkleg utgåve, ikkje ulikt måten Kari Bremnes gjorde det på, då ho første gong blei lanserti utlandet.

Elin Furubotn er ein spennande artist, og ho lagar musikk i skjeringspunktet mellom jazz og vise. Lett tilgjengeleg, der sterke melodiar og norske tekstar står sentralt. Eg vil kalle henne for Stavangers svar på Jan Eggum, seier Seglem.

Saks og bukkehorn
No ventar rundt ti nye konsertar, der Haavebua er stoppestad 10. februar. Og Seglem gler seg: – Vi hadde ein strålande konsert der med eit svært så triveleg publikum i fjor. Eg håpar minst like mange tek turen denne gongen, seier saksofonisten, som også kjem til å trekkje fram bukkehornet på enkelte låtar.

"Det er modig av Elin å ta låtane frå den nye plata ut på turné i eit nake duo-format. Men det fungerer utruleg bra", seier Seglem.

Det er Florø rockeklubb som er arrangør, og Per Vidar Ottesen har planar om å skape intimstemning på Haavebua.
Dette blir ein kveld med kos og lyttemusikk, og vi skal omskape bua til ei intimscene, lovar han.

Fra Firdaposten, Av: Svend Arne Vee