2016 Rockebonanza

Romjulspakken er klar!

Romjulsbonaza red

Er du glad i sein-60 og -70 tallsrock ? Då har vi romjulspakken klar til deg her.

Torsdag 29 desember fyres det nemlig opp til rockebonanza på Kysten Bar i Florø.

2 x 50 minutter med bare gromlåter fra tida då rock var ordentlig rock med feit gitarlyd og hissig bassgang.
Vi nevnar i fleng, Zeppelin, Purple, ZZ Top, Hendrix, Thin Lizzy, Tommy Bolin, Cream m.fl.

Anledningens band består av:

Jonas Valberg gitar/vokal,
Tor Hjalte vokal,
Eirik Ask tangenter,
Benjamin Sagebø trommer og
Jørgen Haugland bass.
God Jul og Rock On :-)

bilde billett jul

 

2016 Flora Blest

HÅVARD ØYREHAGEN
Øyrehagen er Håvard Øyrehagen sitt soloprosjekt. Det er framleis norsk vokal og sogning klinger ganske fint saman med popharmoniane og dei fine melodiane til Øyrehagen. Tekstane er sterkt vektlagt i Øyrehagen og på morsmålet er det enklare å skrive gode tekstar og få uttrykke seg slik som ein vil. I vinter var bandet i Ocean Sound Recordings og spelte inn tre songar som vert gitt ut i desse dagar. Håvard Øyrehagen er Håvard Øyrehagen – vokal/gitar, Per Christian Grov - gitar, Håkon Sverdvik – tangentar/vokal, Jan-Tore Brunstad - Bass, Andreas Høifødt - trommer.

MARTINE HÅLAND
Martine Håland er ei 19 år gammal jente frå Dale i Sunnfjord. Heilt sidan ho byrja å spele piano som åtteåring, har musikken vore hennar utrykksform. Ho er oppteken av å skape musikk som er ekte, og baserer difor songane sine på kjensler som folk flest vil kunne kjenne seg att i. På denne måten oppnår ho det som er sjølve meininga med musikken min, nemleg å vekke kjensler hos andre og ikkje minst bli trudd på. Martine opptrer åleine med piano.

LINE DYBEDAL
Line Dybedal er frå Selje, og var tidlegare medlem av The Pink Robots. Ho har no etablert seg som soloartist og slapp sitt debutalbum tidleg 2016, der fire av låtane har vore lista på NRK P1 og NRK P3. Dagens Næringsliv omtalar musikken som "storslått elektropop på dialekt", og Atle Bredal i NRK P1 gav albumet terningkast 6.

OM BLEST
Blest arrangerast av Brak som er eit kompetansesenter for musikkmiljøet i Hordaland og Sogn og Fjordane. På formiddagen er det også ein seminardel med deltakarar og kursholdarar frå festivalar og musikkbransje frå heile regionen. Les meir og meld deg på http://www.blestfestival.no/ - gratis påmelding som inkluderar konsert.

2016 Tupelo Blomsterhagen

Tupelo på Blomsterhagen 27. August

tupelo 2016

Sett av datoen 27. August

Bli med på en heidundrande sommerfest på Blomsterhagen med Tupelo!

Billetter får dere kjøpt på Blomsterhagen hos Nina 250 kr. Tupelo spiller fra klokken 22.00

2016 TWANG

Florø MC klubb - 40 år med Twang

 TWANG

Florø: Sammen med Florø MC klubb vil vi invitere på dans/konsert med Twang på Haavebua

Twang er eit blues/rock band med base i Årdal. som består av:
Øyvind Aga (trommer), Kenneth Sandnes (Appen) (bass og vokal) og Ketil Thorbjørnsen (gitar og vokal)

Bandet vart starta i 2011. Alle medlemmane hadde fram til då spelt saman i ulike konstellasjonar, men samansetjinga i Twang var ny. Den lange fartstida som musikarar på høgt nivå, gjer bandet til ein klar vinnar. Med si frie tolking av Hendrix, Albert King, Delbert McClinton, Albert Collins m.m. har bandet satt fyr på publikum med prestasjonar, humor, musikalsk leik og eit unikt samspel. Publikum er den desidert viktigaste drivkrafta for Twang, og samspelet mellom band og tilhøyrar er ekstremt viktig for gruppa.

Twang gjer seg ikkje før alle er nøgde!!

Bandet er allsidig og medlemane har spelt jazz, blues rock, folkemusikk, viser og pop med kjende namn som Karl Seglem, Sigrid Moldestad, Ronni Le Tekrø, Olav Stedje, Håkon Høgemo, Odd og Frid, Tone Damli m.m.) men kan seiast å være trygt forankra i bluesverda. Funky rocka og ekstremt blusa er nøkkelord for å omtale gjengen frå Sogn, som stort sett har vore fullbooka sidan starten. Bandet er rekna som eit av dei beste livebanda Sogn har og by på. Ord som musikalsk leikestove er blitt brukt for å sette ord på ein kveld med Twang. Twang gler seg til å rocke dere på Haavebua 3 juni. –

Dette er den rene konsert delen av Florø MC klubb sitt 40 års jubileum og er åpen for alle.  

Vennligst del denne invitasjon med personer dere tror ønsker å bli med på festen.
 

2016 Himmel og Hav

2016 Himmel & Hav

DROPS OF GREEN

Drops og Green

Men det blir sjølvsagt ingen musikkfest i Florø utan også eit irsk innslag. I år kjem eit heilt nytt band i Florø-samanheng, nemleg Drops of Green frå Dublin. Kvartetten blei skipa i 2014, og har dei siste 11 månadene turnert USA, med spelejobbar mellom anna i New York, Las Vegas og Boston. I skrivande stund spelar dei konsertar i Tyskland, og 17. juni er det på plass for første gong i kystbyen.

Bandet består av Lee Campion, Ross Hennessy, James Ring og Sean Kearney, og dei listar opp artistar som The Pogues, Mumford & Sons og The Clancy Brother som insprasjonskjelder. Bandet blir å høyre både på Haavebua og ute i gata i løpet av Himmel & Hav-helga

Drops of Green er ein irsk kvartett som har gjort seg bemerka i heimlandet sidan oppstarten i 2014. juni.
(Pressefoto) LEGEND: Besøket av Birmingham-bandet Legend i 2014 blei så godt motteke av publikum, at Florø rockeklubb har invitert reggae-bandet på nytt besøk i år.

Du kjem ikkje nærmare Bob Marley & The Wailers enn dette. Stemninga dei skapte både i Strandgata og på Haavebua for to år sidan var heilt magisk! seier den utilslørte reggae-frelste Per Vidar Ottesen i rockeklubben.

 Legend

Reggaebandet Legend frå Birmingham besøkte Florø for første gong i 2014. (Foto: Ø. Bang-Olsen)

Cajun Gumbo

Kreolsk gryte: Men rockeklubben prøver seg også på ein litt annan folk-sjanger i år.

– Vi er spente på kva Cajun Gumbo har å by på. Med dei på plass har vi eit ganske fargerikt program, der roots- og folkemusikkrøtene står sentralt, seier Ottesen.

Felles jamsession?

Som namnet indikerer, handlar dette om den såkalla cajun-musikken, ein stilart som hadde sitt utspring på 1800-talet blant fransk-kanadiske settlarar, og som seinare blei smelta saman med verdsrytmar frå den kreolske smeltedigelen lengre sør i statar som Louisiana og Texas. Cajunmusikken har hatt sterk påverknad på den amerikanske populærmusikken, på same måte som bluesen og countrymusikken har gjort det.

Cajun Gumbo

Bandet Cajun Gumbo byr på cajun/zydeco-musikk i norsk innpakning.
(Foto: (Pressefoto)) 

Om Ottesen får det som han vil, kan det i løpet av helga bli spennande jamming mellom dei tre ulike banda på forskjellige scener i byen.

- Billettsalet startar om to vekers tid, seier Ottesen
- Firdaposten: ved Sven Arne Vee,  22. april 2016

 

 

2016 Hayseed

Rocketoget HAYSEED på Haavebua 

h2016

Florø: Full trøkk med 70 tallsinspirert rock &roll utført med eleganse og thightness få andre er i nærheten av. 

Denne gangen har de fått med seg lokale korister i Janne Linn Myren og Annika Bremnes.
Hayseed består av Terje Kjørlaug gitar, Morten Fredheim vokal, Endre Hallre bass og Remi Fagereng på trommer.
Et stjernelag i sin genre. Dette blir knall :-)

2016 Tina Refsnes

Tina Refsnes på Kysten Bar

Refsnes

Billetter er til salgs hos Narvesen og Telenorbutikken

Pris kr. 200 ,-  Konserten starte kl. 21:00

Florø Rockeklubb er stolte av å kunne presentere Tina Førde Refsnes M/Band på Kysten Bar Lørdag 20 Februar.
Etter å ha mottatt strålende kritikker i både innenlands og utenlandsk presse for sitt siste album er singer/songwriter Tina Førde Refsnes klar for hjembyen Florø. Hun har med seg fullt band og Tina er mer enn klar for å presentere sitt nye album for folket i sin egen by. Av naturlige årsaker er det et begrenset antall billetter til denne konserten så det er bare å sikre seg adgang så tidlig som mulig.

Soundcloud Link

Se hva Roald Hansen i Firdaposten skriver

Den vellydande debutplata til den Oslo-baserte Florøaartisten Tina Refsnes er spelt inn i Canada, men høyrest ut som om den har sitt opphav frå den motsette sida av det amerikanske kontinentet, California.

Debutplata er ei oppvising i god låtskrivarkunst, den gjer ikkje så mykje av seg. Men gjer det likevel. Det er stort sett gjennomgåande nydeleg, elleve nyansar av vellyd. Og eit vell av nydelege melodiar........