2003 De Lillos

2003 De Lillos

De Lillos leverte
Haavebua, Lørdag 8. November.

FLORØ: Frå det sekundet deLillos starta å spele til dei gjekk av scena over to timar seinare, var det fullt trøkk og allsong på Haavebua.


Foto: Dag knapstad

Laurdag fekk Florø-publikummet oppleve ein klassisk deLillos-konsert der slagarane kom ein etter ein som perler på ei snor: "Min baby drog av stad", "Neste sommer", "Smak av honning", "Kokken Tor" og alle dei andre kjende og kjære songane. Bandet spelte i tillegg ein…

Les mer: 2003 De Lillos

2003 Ole Staveteig

2003 Ole Staveteig

Magiske Staveteig


FLORØ: Ole Staveteig frå Florø spelar Jimi Hendrix av heile sitt hjarte, og nokre påstår han er betre enn originalen. Laurdag tok han over heile lokalet med si kraftfulle stemme og magiske gitarspel.

Foto: Dag Magne Knapstad.

 

Les mer: 2003 Ole Staveteig

2003 Johndoe

2003 Johndoe

Trøbbelrockarane gav alt på Haavebua

FLORØ: Johndoe gav alt på Haavebua laurdag, og publikum fekk oppleve rastlaus og svett rock'n'roll. At publikum svikta la ingen dempar på innsatsen.

STERK INNSATS: Johndoe gav bånn gass på Haavbua. (Foto: Linda Regina Bruvik)

Gutane er kjempebra live, og leverer eit eintimes sveitt, energisk og småpunka sceneshow med ekte, rein, rå og fengjande rock'n'roll.
Med songar som 24 timer, "Gi gass" og "Rastløs rock'n'roll" frå debutskiva leverer dei det…

Les mer: 2003 Johndoe

2003 Alnæs i toppform

2003 Alnæs i toppform

Alnæs i toppform på Haavebua

FLORØ: Var du ikkje på Haavebua torsdag kveld, gjekk du glipp av ei musikkoppleving av dei store. Frode Alnæs med vener gav dei frammøtte ein kveld dei seint vil gløyme.

Foto Dag Magne Knapstad
I FORM:
Frode Alnæs var i storform på Haavebua torsdag, og viste publikum korleis ein verkeleg skal behandle ein gitar. (Foto: Kjartan Hjermann Døhlie)
Forutan Alnæs sjølv på gitar, hadde han med seg eit sikkert og dyktig band på bass og trommer, altså klassisk…

Les mer: 2003 Alnæs i toppform

2003 Hayseed

2003 Hayseed

Råtøft av Hayseed

Florø: Terje Kjørlaug og Bandet Hayseed varta opp med rock av beste merke på Haavebua laurdag.

EENERGISK: "With strings upsidedown for a lefthanded genius" Terje Kjørlaug og bandet Hayseed var i hundre på Haavebua laurdag. (Foto: Dag Frøyen)
Hayseed er eit band som framleis ikkje har platekontrakt. Dei ligg i vasskorpa og vakar, og etter konserten laurdag å dømme bør kvartetten signerast med det første. Sjølv om det er mange om beinet i denne sjangeren, har Hayseed utvilsomt…

Les mer: 2003 Hayseed

2003 Pegasus 26. des

2003 Pegasus 26. des

Pegasus - Skreddarsydd kjempestemning


LIV: Vokalistane Janne Linn Myren (t.v) og Annika Myklebust og resten av det røynde mannskapet i Pegasus sørgde for kjempestemning frå første akkord på Haavebua 2. juledag. Foto: Dag Magne Knapstad

FLORØ: Ikkje uventa var Pegasus-billettane mykje verdt 2. juledag. Det var tidleg fullt hus, og rockeklubben sitt eige band Pegasus skuffa ikkje.

2. juledag er ein av Pegasus sine faste, men for sjeldne konsertar i Florø. Slagarar frå 80- og 90-talet tetta…

Les mer: 2003 Pegasus 26. des

2003 Album

2003 Album

Gamle helter ruster ikke!

Album - desember 2003. Album viste nok en gang at de har det som skal til for å skape en helt spesiell nostalgistemning på Haavebua. Med sine klassiske valg av kremlåter fra en svunnen tid klarte de å skape en utrolig fin stemning på bua denne kvelden. For anledningen hadde Album27 i tillegg til den faste besetningen fått med seg Ian Cassels på vokal. Mannen er jo en soulsanger av ypperste merke. (Joe Cocker , Go home !!) Særlig fremhever vi Isn`t she lovely av Stevie…

Les mer: 2003 Album

2003 Musikkfestivalen

2003 Musikkfestivalen

Stor bredde i årets musikkfestival


Humor, musikk og lyrikk på opningsdagen, tradisjonsrik irsk musikk på fredag og ein avslutningsdag via til den yngre garde, er ideen til årets festivalprogram frå Florø Rockeklubb.

Vibeke Saugstad er klar for Florø. Ho er ein av norsk rock sine lovande figurar og er ute med ny plate.

Torsdag 19. juni vert det show med Arne Hjeltnes, Jørn Hoel, Steinar Albrigtsen og Sjur Hjeltnes på Samfunnshuset, i tillegg til Frode Alnæs Band med konsert på Haavebua. Fredag…

Les mer: 2003 Musikkfestivalen

2002 Cris Thompson

2002 Cris Thompson

Chris Thompson, Haavebua, 3. mai 2002

Himmelsk gitar og vokal

FLORØ: Manfred Mann's Earth Band klassikarane "Davy's On The Road Again", "Blinded By The Light", "Mighty Quinn", og Bob Marley sin "Redemption Song" var alle på plass til ellevill jubel frå publikum. Men det skal seiast at Thompson sine nye låtar som han opna konserten med, så absolutt kunne stått på eigne bein.

Allsong
Allsongen til dei gamle sviskene ljoma under tjærebreidde buabjelkar, og fleire gonger vart Thompson…

Les mer: 2002 Cris Thompson

2002 Vamp

2002 Vamp

Var og vill Vamp

HAAVEBUA: 300 med billett fekk oppleve alt frå den sarte melankoli til det mest drivande og mektige då Vamp var i Florø torsdag.
Det er eit fantastisk publikum i Florø, og vi nyt det, seier dei sjølve.

GJESTEVOKAL: Rockeklubben hadde fått Kristin Schau til å synge duett med vokalist Vidar Johnsen på Hit-balladen "Tir n'a Noir". (Foto: Dag Frøyen)

- Og det har dei god grunn til. For den åttande og siste plata deira, "Månemannen", har selt til gull og fått terningkast seks i…

Les mer: 2002 Vamp

2002 Fabel

2002 Fabel

Trivelege fablar på ein tysdag

FLORØ: Det såg ut som dei hygga seg, dei 100 som benka seg på Haavebua tysdagskvelden for å få med seg det kritikarroste bandet Fabel sin konsert i Florø.

Magnhild Hauge

Rockeklubben hadde nok håpa på litt fleire betalande enn dei 75 som løyste billett, men dei som var der, uttrykte glede over å ha trassa snøbyer og vindkuler for å få med seg konserten. I alle fall var det ein bra framgang frå sist Fabel vitja Florø.

Sist vi spelte i Florø selde vi fleire cd-ar…

Les mer: 2002 Fabel